Poitou-Charentes
Utsjånad
Poitou-Charentes | |||
region | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Departement | • Charente • Charente-Maritime • Deux-Sèvres • Vienne | ||
Hovudstad | Poitiers | ||
Areal | 25 809 km² | ||
Folketal | 1 789 779 (2013)[1] | ||
Poitou-Charentes 46°05′00″N 0°10′00″E / 46.083333333333°N 0.16666666666667°E | |||
Plassering av Poitou-Charentes i Frankrike.
| |||
Wikimedia Commons: Poitou-Charentes |
Poitou-Charentes er ein tidlegare fransk region som låg vest i landet. Han blei skapt av i 1956 av dei eldre regionane Poitou, Angoumois, Saintonge og Aunis. Han omfatta departementa Charente, Charente-Maritime, Deux-Sèvres og Vienne. I 2016 blei han del av den nye regionen Nouvelle-Aquitaine.[2]
Til forskjell frå mange andre regionar i landet har han ei kort historie og lite regionalt særpreg. Poitiers blei vald til regionshovudstad framfor dei jamstore byane La Rochelle og Angoulême fordi han hadde eit universitet.