Hopp til innhald

Proletariat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Proletariatet (frå latin proletarius, 'person som berre gjer nytte med å avle barn') er den sosiale klassen som består av lønsarbeidarar som eig lite anna enn si eiga arbeidskraft. Eit medlem av denne klassen er ein proletar.[1]

Marxistisk filosofi reknar proletariatet som undertrykt av det kapitalistiske systemet, der dei blir tvungne til å akseptere låge lønningar i bytte mot å operere produksjonsmidla for å skape verdiar for borgarskapet. Marx meinte at denne undertrykkinga gjer proletariatet felles økonomiske og sosiale interesser som går på tvers av nasjonale grenser, noko som ein dag vil drive dei til å ta makta og danne eit kommunistisk samfunn fritt for klasseskilnader.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Caprona, Yann de, 1958-, Norsk etymologisk ordbok : tematisk ordnet, ISBN 978-82-489-1054-1, OCLC 864456730, henta 31. oktober 2020 
  2. «Communist Manifesto (Chapter 2)», www.marxists.org, henta 31. oktober 2020