Provinsen Castellón
Utsjånad
Castellón (spansk) eller Castelló (valenciansk/katalansk) er ein provins nord i Spania, sentralt i den autonome regionen Valencia. Han grensar til provinsane Valencia, Teruel og Tarragona og til Middelhavet.
Provinshovudstaden er Castellón de la Plana (ka: Castelló de la Plana). Provinsen har om lag ein halv million innbyggjarar, der ein tredjedel bur i provinshovudstaden, to tredjedelar i storbyområdet til byen og kring 85 % langs kysten.
Andre store byar i provinsen er Villarreal, Burriana, la Vall d'Uixó og Vinaròs. Det er 135 kommunar i provinsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Castellón (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.