Queen of Kings
«Queen of Kings» Song av Alessandra | ||
Land | Noreg | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 9. januar 2022 | |
Sjanger | Pop, elektropop | |
Lengd | 02:40 | |
Selskap | Universal Music Group | |
Komponist | Alessandra Mele | |
Låtskrivar(ar) | Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale |
---|
«Queen of Kings» (norsk omsetjing ‘dronninga av kongar’) er ein norsk popsong og debutsingelen til den norsk-italienske songaren Alessandra Mele. Songen blei gjeven 9. januar 2023 og vann Melodi Grand Prix same år. Songen var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia og kom på femteplass.
Songen er skriven av Mele sjølv, saman med Henning Olerud, Stanley Ferdinandez og Linda Dale.
I forkant av Melodi Grand Prix-finalen fekk «Queen of Kings» viral suksess på sosiale medium, og i byrjinga av februar toppa «Queen of Kings» den globale Viral-topplista på strøymetenesta Spotify. Etter den norske finalen gjekk låten til topps på norske VG-lista, og etter Eurovision Song Contest i mai 2023 gjekk songen inn på topp 10 i land som Austerrike, Finland, Island, Litauen, Storbritannia, Sveits, Sverige og Ungarn.[1]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Queen of Kings» blei skriven under ein låtskrivarleir i regi av NRK hausten 2022.[2] Mele skreiv melodien og teksten saman med låtskrivarane Henning Olerud, Stanley Ferdinandez og Linda Dale. Dei to fyrstnemnde har også produsert songen.
Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på livet til Mele og erfaringar som bifil.[2][3][4] I eit intervju med Dagsavisen uttalte Mele at låten handlar om å ikkje vere «redd for det vonde, men bruke det for å kunne reise seg igjen». Ho la til at dette kunne tolkast ulikt, men «i mitt tilfelle, handlet det om identitet. Det var vondt å akseptere egen seksualitet».[5]
«Queen of Kings» blei gjeven ut på Universal måndag 9. januar 2023, og var debutsingelen til Mele.[6] I vekene etter utgjevinga oppnådde songen viral suksess på sosiale medium.[7][8][9] I byrjinga av februar 2023 toppa låten den globale Spotify Viral Chart på musikkstrøymetenesta Spotify.[10] Lista blir utarbeidd på bakgrunn av kor ofte songen blir delt, kor mange som nyleg har oppdaga songen, og om songen har ei kraftig auking i talet på avspelingar.[11] Spotify lagar slike lister for kvart enkelt land og for heile verda.
Melodi Grand Prix
[endre | endre wikiteksten]«Queen of Kings» blei plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix 2023 og var det fyrste bidraget ut på scena i den fyrste delfinalen laurdag 14. januar 2023. Songen blei sloppen for strøyming og nedlasting måndagen same veke. I delfinalen var «Queen of Kings» ein av tre låtar som gjekk vidare til finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023. I vekene fram mot finalen avanserte låten på oddsen, og på finaledagen gjekk han opp som favoritt til å vinne finalen.
I den norske finalen var «Queen of Kings» siste bidrag ut på scena av ni bidrag. Han fekk flest poeng frå både dei internasjonale fagjurygruppene og sjåarane, og vann Melodi Grand Prix klårt med 233 poeng.[12] På plassane bak følgde Ulrikke Brandstorp og Atle Pettersen.
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Som følgje av Melodi Grand Prix-sigeren blei «Queen of Kings» det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia i mai. Noreg deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai, der «Queen of Kings» var fyrste bidrag ut på scena.[13] Songen blei nummer seks i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Liverpool Arena laurdag 13. mai som det tiande og siste landet ropt opp.[13] Under pressekonferansen like etter trekte Mele startplassering i siste halvdel av finalen og fekk seinare startnummer 20. I finalen enda «Queen of Kings» på 17. plass i juryavrøystinga og 3. plass i telefonavrøystinga, og enda på femteplass samanlagd med 268 poeng.[14] Dette var den beste plasseringa til Noreg på ti år, sidan fjerdeplassen til Margaret Berger med «I Feed You My Love» i 2013.[15]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[16] | 8 |
Australia (ARIA Digital Track Chart)[17] | 21 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[18] | 13 |
Finland (Suomen virallinen lista)[19] | 3 |
Frankrike (SNEP)[20] | 152 |
Global 200 (Billboard)[21] | 58 |
Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[22] | 4 |
Irland (IRMA)[23] | 18 |
Island (Tónlistinn)[24] | 4 |
Italia (FIMI)[25] | 33 |
Kroatia (Billboard)[26] | 12 |
Latvia (LAIPA)[27] | 7 |
Litauen (AGATA)[28] | 7 |
Luxembourg (Billboard)[29] | 16 |
Nederland (Single Top 100)[30] | 12 |
New Zealand (RMNZ Hot Singles)[31] | 29 |
Noreg (VG-lista)[1] | 1 |
Polen (Airplay Top 100)[32] | 41 |
Polen (Strøyming Top 100)[32] | 8 |
Portugal (AFP)[33] | 70 |
Slovakia (Singles Digitál Top 100)[34] | 65 |
Spania (PROMUSICAE)[35] | 59 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[36] | 10 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[37] | 5 |
Sverige (Sverigetopplistan)[38] | 7 |
Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[39] | 20 |
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[40] | 19 |
Ungarn (Single Top 40)[41] | 6 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Singel2023 uke 06». topplista.no. IFPI Norge. Henta 10. februar 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Gilje, Pernille Aubert (13. januar 2023). «(+)Alessandra (20) skal synge om det pappa ikke vet foran hele Norge: – Man må tørre å være seg selv». Telemarksavisa (på norsk). Henta 27. januar 2023.
- ↑ Elveos (KK), Beth-Kajsa (14. januar 2023). «-Jeg håper låta vil hjelpe andre til å komme ut av skapet». kk.no (på norsk). Henta 27. januar 2023.
- ↑ Jakob Semb Aasmundsen (4. februar 2023). «Mangeså Ulrikke Brandstorp som soleklar MGP-vinner. En annen finalist puster henne i nakken.». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2023.
- ↑ Selma Moren (2. februar 2023). «Åpneropp på scenen». Dagsavisen (på norsk). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Queen of Kings - Single av Alessandra». Apple Music (på norsk bokmål). 9. januar 2023. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Thomas Talseth (31. januar 2023). «AlessandraMele går viralt verden over med sin Melodi Grand Prix-finalelåt». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2023.
- ↑ Halvorsen, Nina Marlén (4. februar 2023). «Låtentil Alessandra går viralt». 730.no (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Mangeså Ulrikke Brandstorp som soleklar MGP-vinner. En annen finalist puster henne i nakken.». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 4. februar 2023. Henta 5. februar 2023.
- ↑ Thomas Talseth (4. februar 2023). «Joneog Alessandra gruser Melodi Grand Prix-konkurrentene». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 5. februar 2023.
- ↑ «Help- How do viral charts work? – Spotify for Artists». artists.spotify.com (på engelsk). Henta 19. februar 2023.
- ↑ NTB. «Alessandravant årets MGP-finale med låta «Queen of Kings»». Dagsavisen (på norsk). Henta 5. februar 2023.
- ↑ 13,0 13,1 Stein Østbø (5. mai 2023). «Altom Eurovision 2023: – Norge først ut». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 8. mai 2023.
- ↑ NTB (13. mai 2023). «Sverigevant Eurovision Song Contest – Norge på femteplass». Dagsavisen (på norsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ AgustaMagnusdottir, Ørjan Ryland og Vegard Kristiansen Kvaale (13. mai 2023). «Emosjonell». dagbladet.no (på norsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «SingleCharts vom 23. Mai 2023». oe3.ORF.at (på tysk). Ö3 Austria Top40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 22 May 2023». The ARIA Report (1733): 9. 22. mai 2023 – via Australian Recording Industry Association.
- ↑ «Alessandra– Queen Of Kings». www.ultratop.be. ultratop.be. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «Alessandra– Queen Of Kings». Musiikkituottajat (på finsk). Suomen Virallinen Lista. Henta 8. mai 2023.
- ↑ «TopSingles – Semaine du 19 mai 2023». SNEP (på fransk). 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «BillboardGlobal 200: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «OfficialIFPI Charts Digital Singles Chart (International) Εβδομάδα: 20/2023». www.ifpi.gr. IFPICharts. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 17. mai 2023.
- ↑ «OfficialIrish Singles Chart Top 50». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN– Streymi, spilun og sala viku 20, 2023» (på islandsk). TónlistinnPlötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 20. mai 2023. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «Classificasettimanale WK 20 (dal 12.05.2023 al 18.05.2023)». www.fimi.it (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ Cusson, Michael (23. februar 2022). «CroatiaSongs: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). Henta 23. mai 2023.
- ↑ «MūzikasPatēriņa Tops/ 20. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. 22. mai 2023. Henta 29. mai 2023.
- ↑ «202321-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 26. mai 2023. Henta 26. mai 2023.
- ↑ «LuxembourgSongs – Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Alessandra– Queen of Kings». dutchcharts.nl. Dutch Charts – dutchcharts.nl. 13. mai 2023. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «TheOfficial New Zealand Music Chart». THE OFFICIAL NZ MUSIC CHART (på engelsk). 21. mai 2023. Henta 21. mai 2023.
- ↑ 32,0 32,1 «OLiS- oficjalna lista sprzedaży». www.olis.pl (på polsk). OLiS. 2. juni 2023. Henta 5. juni 2023. (Velg uke 27.05.2023–02.06.2023)
- ↑ «portuguesecharts.com- Alessandra - Queen Of Kings». portuguesecharts.com. Henta 5. juni 2023.
- ↑ «Queenof Kings – Alessandra – Universal Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «TOP100 CANCIONES + STREAMING, SEMANA 20: del 12.05.2023 al 18.05.2023». PROMUSICAE. 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Queenof Kings – full Official Chart History». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Alessandra– Queen Of Kings». Hitparade.ch. 21. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Queenof Kings – Alessandra – Universal Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «Alessandra– Queen of Kings». Offizielle Deutsche Charts. GfK Entertainment. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «SingleTop 40 slágerlista – Hivatalos magyar slágerlisták». slagerlistak.hu. Henta 1. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Queen of Kings» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2023.