Radioteatret
Utsjånad
Radioteateret var ei eining i NRK si kulturavdeling som produserte høyrespel for barn og vaksne. Ho blei oppretta i 1926 og nedlagd i 2021.[1][2]
Bakgrunn og virke
[endre | endre wikiteksten]Radioteateret produserte både klassisk og moderne drama, krim og underhaldning. Fram til 2010 blei det òg produsert høyrespel for Lørdagsbarnetimen. I 2021 blei radiosendingane avslutta, men ein skulle framleis leggja ut produksjonar på podkast.[3]
Avdelinga har hatt ei rekke kjende medarbeidarar, mellom anna Nils Nordberg som regissør og tilretteleggjar av kriminaldrama. Ei lang rekkje norske skodespelarar har opptredd ved teateret.
Til saman hadde Radioteatret opp mot 100 000 lyttarar på dei dramatiske produksjonane sine i 2008, medan endå fleire følgde krimsendingane.[4]
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Neels-Hansson 1928–1943, 1945–1950
- Jens Gunderssen 1950–1952
- Hans Heiberg 1952–1973
- Gerhard Knoop 1973–1984
- Merete Skavlan 1984–1990
- Nils Nordberg 1990–1991
- Nils Heyerdahl 1991–2011
- Yngvil Kiran 2011–2015
- Gunhild Nymoen 2015–2021
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Blå Fugl-prisen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Med lisens til å sende: Dramatiske øyeblikk». NRK Fakta. 2008.
- ↑ «Nå er Radioteatret på NRK historie. Dette kommer isteden.» (på norsk bokmål). Henta 10. mars 2021.
- ↑ NTB (10. mars 2021). «Radioteatret på NRK legges ned etter 95 år» (på norsk). Henta 10. mars 2021.
- ↑ «Noe kommer til å dø». Dagbladet. 21. september 2008. s. 49.
- Denne artikkelen bygger på «Radioteatret» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Radioteaterets programsider (arkivert nettside)
- Kriminalhøyrespel og seriar i Radioteatret 1951-2004 (arkivert nettside)
- Radioteateret.info Arkivert 4. mai 2010 på Wayback Machine. (arkivert nettside)
- Kriminalhøyrespel i Radioteatret 1952-2005, NRK.no
- Høyrespelarkiv for NRK P2-teateret, 1930-2001, NRK.no