Sète
Utsjånad
Sète | |
---|---|
Sète sett frå Mont St. Clair | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Hérault |
Geografi | |
Flatevidd | 24,21 km² |
Flatevidd - By |
24,21 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
39 542 1 633/km² |
Koordinatar | 43°24′N 03°41′E / 43.400°N 3.683°E |
Høgd over havet | 4 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.ville-sete.fr |
Sète er ein hamneby og kommune sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet. Han ligg i departementet Hérault i regionen Languedoc-Roussillon. Byen har om lag 40 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen som låg her byrja å vekse då kanalen Canal du Midi, som knyter Middelhavet til Atlanterhavet, stod ferdig i 1681. Namnet på byen vart skrive Cette fram til 1927. Uttalen av Cette og Sète er i røynda den same.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen er bygd på og rundt Mont St. Clair, og ligg ved i den søraustlege enden av Étang de Thau, ein lukka saltvassjø som vert nytta til dyrking av østers og muslingar. På den andre sida ligg Middelhavet.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Sète er det austlege utgangspunktet til Canal du Midi, og ligg 25 minutt med tog frå Montpellier.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell turistside
- Sète, «Languedoc sitt svar på Venezia» Arkivert 2007-05-14 ved Wayback Machine.
- Bilete av Sète
- 34 bilete av Sète Arkivert 2007-02-08 ved Wayback Machine.