Sameland
Sameland (nordsamisk: Sápmi eller Sámeednan, historisk òg kalla Lappland) er namnet på dei tradisjonelle leveområda til samane. Samane har leveområda sine i fire land: Noreg, Sverige, Finland og Russland. Sameland strekkjer seg frå Kolahalvøya i nordaust til Engerdal i Hedmark og Idre i Midt-Sverige i sørvest. Området blir på samisk kalla Sápmi, Sábme eller Saemie.
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Opphavet til ordet saemie (sørsamisk) eller sápmi (nordsamisk) er eit lån til ur-samisk/finsk frå urbaltisk *žeme ’land’ (jf. russisk земля [zemljá], som i Novaja Zemlja, ’Nyland’) til urfinsk-samisk *šämä ’landet (i nord)’, dvs. den delen av Finland baltarane hadde kontakt med.[1] Dette ordet gjennomgjekk seinare den særfinske lydendringa š → h (ei lydendring som vi ikkje fekk i samisk), så vi fekk Häme, namnet på området Tavastland (der Lahtis ligg). I samisk gjekk ordet i staden gjennom lydendringa š → s, og i sterkt stadium i nordlege dialektar også gjennom dissimileringa m → pm, slik at vi fekk Sápmi, ’Sameland’. Det same ordet *sämä lånte baltarane attende frå finnane (før lydendringa š → h i finsk) som namn på Finland, i forma *šāma. Denne forma dukka så opp i seint urfinsk-samisk som *šāma. Lang ā vart til lang ō i sein urfinsk, vi fekk *sōme, som framleis er den estiske namnet på Finland (Soome), og deretter diftongering av lange midtvokalar og e → i i slutten av ord i overgangen til moderne finsk, slik at sluttresultatet er Suomi. Dei som budde i «Det egentliga Finland» (Åboland), tavastlendingane og samane, dvs. suomalaiset, hämäläiset og sápmelaččat har altså alle etnonym som går attende til same lånord, ordet for ’land’ i urbaltisk.