Sankt Johannes kyrkje i Stavanger
Utsjånad
Sankt Johannes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jarle Vines | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Stavanger domprosti | ||
Sokn | St. Johannes | ||
Fellesråd | Stavanger | ||
Arkitekt | Hans Jacob Sparre | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegstein | ||
Innvigd | 15. desember 1909 | ||
• Endringar | Rest. 2007–09 | ||
Tårn | I sørvest | ||
Kor | Rett avslutta | ||
Skip | Treskipa | ||
Klokker | 2, Baklandets Støberi & Mek. Værksted (1908) | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Av eik (1909) | ||
Døypefont | Av kleberstein (1909) | ||
Altartavle | Valentin Kielland (1909) | ||
Orgel | Ryde & Berg Orgelbyggeri (2008) | ||
Sitjeplassar | 700 | ||
Diverse | Glasmåleri i sju runde vindauge i korveggen (1909) | ||
Sankt Johannes kyrkje i Stavanger 58°58′07″N 5°44′57″E / 58.968658°N 5.749165°E | |||
Wikimedia Commons: Sankt Johannes kirke i Stavanger |
Sankt Johannes kyrkje er ei langkyrkje frå 1909 på Storhaug i Stavanger.
Ein arkitektkonkurranse om kyrkja vart vunnen av Alf Hofflund og Gabriel Kielland, men deira bidrag var rekna som for dyrt. Kyrkja vart difor oppført etter teikningar av Hans Jacob Sparre.
Kyrkja er oppført i pussa teglstein og har utstrakt bruk av huggen granitt som artikulerande element – i sokkel, i dør- og vindusinnfatningar og som hjørnekvadre.
Altertavla er laga av Valentin Kielland. Preikestolen er av eik og døypefonten av kleberstein. Orgelet vart bygd av Ryde & Berg Orgelbyggeri i 2008 og inkluderer ei rekkje stemmer frå tidlegare orgel bygd av Frobenius og Olsen & Jørgensen.[1]
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Erling Jensen: St. Johannes kirke Arkivert 2018-10-14 ved Wayback Machine.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «St. Johannes kirke, Stavanger». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 443. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkjesøk – St. Johannes kirke, Stavanger
- Sankt Johannes kyrkje i Stavanger i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Artemisia.no om kyrkja
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jf. spesifikasjonar[daud lenkje] hjå Ryde & Berg.