Hopp til innhald

Secret Messages av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Secret Messages
Singel av Electric Light Orchestra
B-side

«Buildings Have Eyes»

Utgjeve 3. september 1983
Innspelt 1983 i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland
Sjanger Rock, pop
Lengd 4:44 (album), 3:35 (singel)
Selskap Jet
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Rock 'n' Roll Is King»
(1983)
Secret Messages «Four Little Diamonds»
(1983)


«Secret Messages» er ein song spelt inn av Electric Light Orchestra (ELO) og er tittelsporet (og opningssporet) på albumet Secret Messages frå 1983.

Songen byrjar med rare effektar og ei baklengsmelding (som seier «welcome to the show») etterfulgd av morsekode som stavar E.L.O., noko Jeff Lynne òg hadde gjort ti år tidlegare på «Ocean Breakup/King of the Universe» på On the Third Day.

Singelen nådde 48. plassen på UK Singles Chart[1] og 14. plassen på Irish Singles Chart.[2]

Delar av musikkvideoen syner eit radioteleskop filma ved Jodrell Bank i Cheshire i England.

Liste (1983) Plassering
Irish Singles Chart[3] 14
Polen[4] 5
UK Singles Chart[1] 48
  1. 1,0 1,1 «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  2. «irishcharts.ie search results». Henta 21 December 2009. 
  3. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 15. februar 2015.  Enter Electric Light Orchestra in the Search by Artist field, then click Search.
  4. Hawtin, Steve. «Song artist 171 - Electric Light Orchestra». Tsort.info. Henta 13. februar 2015.