Serenade nr. 10 av Mozart
Utsjånad
K. 361 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Orkestermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | -1781-1782 | ||
Typisk lengd | 47:50 | ||
Satsar/akter | 7 | ||
Toneart | B-dur |
Serenade nr. 10 for blåseinstrument i B-dur, K. 361/370a, er ein serenade av Wolfgang Amadeus Mozart skriven for tretten instrument (tolv blåseinstrument og kontrabass). Stykket vart truleg komponert i 1781 eller 1782 og vert ofte kalla «Gran Partita». Verket har sju satsar.
Verket er instrumentert for to oboar, to klarinettar, 2 bassetthorn, 2 fagottar, 4 valthorn og kontrabass. Kontrabassen vert stundom erstatta av kontrafagott.
Satsar
[endre | endre wikiteksten]Serenade har sju satsar:
- I. Largo. Molto Allegro
- II. Menuetto
- III. Adagio
- IV. Menuetto. Allegretto
- V. Romance. Adagio
- VI. Tema con variezioni
- VII. Finale. Molto Allegro
Serenaden er vorte nytta i filmen Amadeus frå 1984, når Antonio Salieri først møter Mozart, i ein episode av How I Met Your Mother og i filmen Bright Star frå 2009.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 10 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Serenade in B KV 361: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Mozart's Manuscript (K. 361) at the Library of Congress I:p. 1, II:p. 25, III:p. 34, IV:p. 44, V:p. 52, VI:p. 62, VII:p. 81
- Gran Partita: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.