Serpentine
Serpentine | |||
innsjø | |||
Serpentine Bridge from Kensington Gardens
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kunstig innsjø | ||
Tilsig | Westbourne | ||
Utløp | Westbourne | ||
Koordinatar | 51°30′19″N 0°10′10″W / 51.50528°N 0.16944°W | ||
Serpentine 51°30′19″N 0°10′10″W / 51.505277777778°N 0.16944444444444°W | |||
Wikimedia Commons: The Serpentine, London |
Serpentine (òg kalla Serpentine River) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø i Hyde Park i London i England, skapt i 1730. Sjølv om namnet vert nytta om heile innsjøen, er det i røynda berre den austlege halvdelen som heiter Serpentine. Serpentine Bridge, som markerer grensa mellom Hyde Park og Kensington Gardens, markerer òg vestgrensa for Serpnetine. Den lange og smale vestlege halvdelen av innsjøen heiter i røynda Long Water. Serpentine, som tyder «slange», har fått namnet sitt er den svingande forma.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg fekk innsjøen vatn frå Westbourne i den italienske hagen i den nordvestlege enden av Long Water. Westbourne slutta å føre vatn til Serpentine i 1834, då elva hadde vorte altfor forureina,[2] og han får no vatn pumpa frå Themsen. The Long Water går søraustover frå dette punktet til Serpentine Bridge, der innsjøen svingar brått austover. I austenden renn vatnet ut av innsjøen via ei sluse i demninga. Historisk rann vatnet sørover dette punktet og markerte grensa mellom Westminster og Kensington, men etter 1850 har elva vorte omdirigert til ein kulvert og under bakken før ho munnar ut i Themsen nær Chelsea Bridge.
Innsjøen er relativt grunn og den største djupna er 12 meter.[3]
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]-
Austover frå Serpentine Bridge
-
Den italienske hagen. Sidan fontenene får vatn frå elva Westbourne, fungerer dei ikkje i tørre periodar.
-
Fontener i den italienske hagen
-
Den italienske hagen
-
Serpentine mot Diana Memorial Fountain på sørsida
-
Serpentine i kraftig regn, nordaustover mot Hyde Park Barracks
-
Serpentine Bridge frå nordsida
-
Lansbury's Lido
-
Serpentine, sett frå stien over demninga
-
Dell restaurant ved nordsida av demninga dominerer austsida av innsjøen
-
The Holocaust Memorial, like aust for demninga
-
Skarv fiskar frå sølyer i Long Water
-
Serpentine Bridge nedanfrå
-
Fuglar på pålar i Long Water
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell heimeside Arkivert 2010-09-25 ved Wayback Machine.
- Solarshuttle
- 360°-panorama av Serpentine
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serpentine (lake)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Hyde Park & Kensington Gardens Stroll». Urban75. 2006-11. Henta 28. mars 2010.
- ↑ «Thomas Hawksley and the Project to Cleanse The Serpentine: 1859-1862». Arkivert frå originalen 16. august 2018. Henta 28. mars 2010.
- ↑ Cunningham, Peter (1850). Hand-Book of London. London.