Shisha Pangma
Shisha Pangma | ||
---|---|---|
Flyfoto av Shisha Pangma (til venstre) | ||
Høgd over havet | 8 027 m | |
Område | Kina (Tibet) | |
Fjellområde | Himalaya | |
Dominans | 91 km → Cho Oyu | |
Skardhøgd | 2 897 m ↓ Mesokantu La | |
Koordinatar | 28° 21′ 0″ N, 85° 47′ 0″ AKoordinatar: 28° 21′ 0″ N, 85° 47′ 0″ A | |
| ||
Førsteklatring | Ti kinesiske klatrarar 2. mai 1964 | |
Normalrute | Høgfjellstur over bre |
Shisha Pangma (òg Shishapangma; offisielt Xixabangma, kinesisk Xīxiàbāngmǎ Fēng 希夏幫馬峰; sanskrit Gosainthan – forelda) er med 8 027 m det lågaste av dei fjorten 8000-meterstoppane på jorda. Ulike kjelder oppgjev høgder mellom 8 013 m og 8 046 m. Dei nyaste målingane syner 8 027 m.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Det tibetiske namnet shi sha sbang ma tyder «området ovanfor grassletta», ei god skildring av det ein ser når ein nærmar seg fjellet nordfrå. Fjellet ligg i Langtang-Himal (Himalaya) 5 km aust for grensa mellom Kina og Nepal og er den einaste 8000-meteren som i sin heilskap ligg inne i Kina.
Opphavleg blei sanskrit-namnet Gosainthan brukt om fjellet. Det tyder om lag «heilagdomens stad».
Oppdaging
[endre | endre wikiteksten]Austerrikarane Heinrich Harrer og Peter Aufschnaiter laga ei overflatisk skisse av Shisha Pangma-gruppa sett frå nord under flukta frå India til Lhasa i 1945/46. Sveitsaren Toni Hagen tok dei første bilda i 1952.
Klatrehistorikk
[endre | endre wikiteksten]2. mai 1964 stod ti kinesiske fjellklatrarar på toppen av Shisha Pangma, dette var til då den siste 8000-meterstoppen som ikkje var klatra. I alt hadde ekspedisjonen 195 deltakarar med klatrarar, glasiologar, geologar, metereologar, kartografar og høgdefysiologar, den så langt mest talrike ekspedisjonen i Himalaya-klatringa si historie.
Shisha Pangma blei først opna for utanlandske klatrarar i 1978. Fjellet blir rekna til dei enklare 8000-meterstoppane.
Normalruta er den ruta førsteklatrarane nytta frå nord. Denne går over midttoppen på vestegga og til hovudtoppen. Det er òg mogleg å klatre opp til midttoppen og traversere ei utsett egg til hovudtoppen. Andre ruter på nordsida går opp austegga og over denne til hovudtoppen.[1]
Sørsida er brattare og vanskelegare å klatre. Dei første opp denne vegen var Doug Scott, Roger Baxter-Jones und Alex McIntyre i 1982. Det finst òg tre andre ruter over sørvestveggen og ein over søraustegga.[2] I april 2011 lukkast det Ueli Steck å soloklatre den 2000 m høge sørvestveggen på berre 10 timar.[3]
Midttoppen er klatra meir enn 750 gonger, medan berre om lag 50 har lukkast med traversen derfrå til hovudtoppen. Totalt har knappe 300 vore på hovudtoppen. I 1987 klatra Jerzy Kukuczka og Artur Hajzer vesttoppen under ein travers av heile vestegga. Jean-Christophe Lafaille gjorde ei vinterklatring 11. desember 2004, og Simone Moro og Piotr Morawski ei 15. januar 2005. Den første sør-nord-klatringa av hovudtoppen stod Ralf Dujmovits, Gerlinde Kaltenbrunner og Hirotaka Takeuchi for i året 2005.[2]
Dei første nordmenn på Shisha Pangma var Eirik Tryti og Olav Storli Ulvund våren 1990. Dei blei med det dei første frå Noreg som nådde over 8 000 metersgrensa utan bruk av oksygenutstyr.
Shishapangma | 8 027 m |
Shishapangma Midt | 8 008 m |
Shishapangma Vest | 7 966 m |
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Manfred Abelein: Shisha Pangma: Eine deutsche Tibetexpedition bezwingt den letzten Achttausender (Lübbe 1980), ISBN 3-7857-0259-0.
- Robert Goh Ee Kiat, Lulin Reutens: Xixabangma: An Alpine Ascent of the North Ridge (Epigram 2004), ISBN 981-05-1552-9.
- Doug Scott, Alex MacIntyre: The Shishapangma Expedition (Mountaineers 1984), ISBN 0-89886-098-9.
- Doug Scott, Alex MacIntyre: Shisha Pangma: The alpine-style first ascent of the South-West-Face (Mountaineers 2000), ISBN 0-89886-723-1.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ruter på nordsida av Shisha Pangma, www.8000ers.com
- ↑ 2,0 2,1 Klatredata, www.8000ers.com
- ↑ climbing.de: Ueli Steck: Erfolg am Shisha Pangma, arkivert frå originalen 15. januar 2012, henta 4. juli 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Shisha Pangma på Peakware.com
- Shisha Pangma på Peakbagger.com
- Klatredata, bilder og ruteinformasjon på 8000ers.com
- Teksten er basert på artikkelen Shishapangma frå Wikipedia på tysk slik den var 4. juli 2012.