Signaletterretning
Signaletterretning (SIGINT) er ein etterretningsdisiplin som baserer seg på oppfanging av signal, til dømes ved radiospaning. SIGINT inneber ofte kryptoanalyse og dechiffrering.
Mellom organisasjonar som hovudsakleg driv signaletterretning er Etterretningstenesta (Noreg), Government Communications Headquarters (Storbritannia), National Security Agency (USA), Defence Signals Directorate (Australia), Communications Security Establishment (Canada) og Försvarets radioanstalt (Sverige).
Signaletterretning (SIGINT) er delt i fleire nye element - sambandsetterretning (COMINT), elektronisk etterretning (ELINT) og FISINT.
Disiplinen består i å fanga opp elektromagnetiske impulsar frå fienden av militær interesse. Eiga innsamling av slike impulsar kan vera i verksemd over lang tid på ein passiv måte, slik at fienden ikkje oppdagar det.[1] Det er viktig å etablera eit normalbilete over kva for signaler som finnst innafor gjevne område, slik at ein kan oppdaga endring i dette biletet og freista tolka kva dette kan tyda på. Difor må SIGINT drivast 24/7 heile året om det skal ha avgjerande verknad på den strategiske situasjonen. Dette gjeld ikkje like mykje på operasjonelt og taktisk nivå.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Polmar, Norman "The U. S. Navy Electronic Warfare (Part 1)" United States Naval Institute Proceedings October 1979 p.137
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Signaletterretning» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- NSAs oversyn over SIGINT (engelsk)
- USAF brosjyre om kjelder for etterretning (engelsk)
- Etterretningsprogrammer og system (engelsk)