Sjakkbrikka tårn
Utsjånad
Tårnet er ei brikke i brettspelet sjakk. Kvar spelar startar med to tårn, eitt i kvart av hjørna på sjakkbrettet som er nærast spelaren si eiga side. Dei kvite tårna startar på a1 og h1, dei svarte på a8 og h8.
Tårna flyttar vassrett eller loddrett, framover eller bakover, så mange felt ein ynskjer. Dei slår andre brikker ved å verta sett på feltet som ei motspelarbrikke står på. Tårnet deltek i spesialtrekket rokade, saman med kongen.
Vanlegvis er tårnet sterkare enn springaren og løparen, og vert rekna for å vera to bønder meir verdt. To tårn vert vanlegvis rekna som litt meir verdt enn ei dronning. Tårn og dronningar vert ofte kalla tunge offiserar, i motsetnad til løparar og springarar, som vert kalla lette offiserar.