Hopp til innhald

Sjonglering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Animasjon av sjonglerings-mønsteret fontene gjort med ti ballar.
Det er vanleg å sjonglera med fargerike, lett handterbare ballar.

Sjonglering er ofte brukt som eit paraplyomgrep for fleire typar manipulering av objekt, der det er eit mål å gjere rørsler som er uvanlege, vanskelege eller vakre.

Meir spesifikt refererer sjonglering til gjentatte kast og mottak av objekt som ballar, kjegler og ringar.

Sjongleringskunsten går tilbake til ca. 1500 f.kr. (kanskje endå tidlegare). Bilete av sjonglørar har vore funne i egyptiske graver, og sjonglørar var aktive i romarriket.

Ein hovudaktivitet blant sjonglørar er å lære seg nye triks. Mange triks (spesielt innan ballsjonglering) kan forklarast med notasjonssystem som siteswap og beatmap, mens andre treng ein meire informasjon for å skildre.

Det grunnleggjande sjongleringsmønsteret for eit odde tal ballar er kaskade. Kvar hand kastar annankvar ball til motsett hand, i eit horisontalt åttetalsmønster. For det vanlege partalsmønsteret fontene ser det ganske likt ut, men her byter aldri ballane hender.

Andre former for sjonglering

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]