Skiffle
Skiffle er ein musikkstil som utvikla seg i USA på 1930-talet[1] med påverknad frå jazz, blues og amerikansk folkemusikk. Skiffle blir vanlegvis utført med heimelagde eller improviserte instrument[1] som vaskebrett, vaskebaljebass, kazoo, sigarboks-fele, musikalsk sag, kam og papir med meir, i tillegg til meir vanlege instrument som gitar og banjo.
Skiffle- og jugband-musikk er nært knytt til kvarandre. Skiffle var særleg populær i Storbritannia på 1950- og 1960-åra. Skiffle var påverka av country, folk og blues og med eit raskare tempo, elektriske instrument og energiske framføringar har stilen stundom vorte rekna som ei tidleg form for rock & roll, ganske lik rockabilly.
Skiffle vart først populær tidleg på 1900-talet i USA i New Orleans. Oxford English Dictionary skriv at skiffle var eit slanguttrykk for eit såkalla «rent-party», ein fest med levande musikk der ein sendte rundt ein hatt for å få inn pengar til å betale husleiga.
Opphavleg vart skiffle-grupper kalla spasm-band. På 1920- og 1930-åra vart ei form for skiffle spelt i Louisville og Memphis. Røtene til skiffle finn ein òg hos jazzband på 1940- og 1950-talet. Den uformelle, humoristiske stilen gjorde skiffle to gonger til ein forgjengar for rock and roll, først i USA i tidlege år, og seinare i Storbritannia.
Første gongen uttrykket skiffle vart nytta på ei plate var i 1925 av den elles ukjende Jimmy O'Bryant and his Chicago Skifflers. I 1948 kom Dan Burley & His Skiffle Boys saman i New Orleans.
Skiffle i Storbritannia
[endre | endre wikiteksten]Skiffle dukka opp her og der i USA frå 1920-åra til slutten av 40-åra. Stilen var på veg ut då han seint i 1950-åra dukka opp som ei stor musikalsk rørsle i Storbritannia. Skiffle tilsvara i Storbritannia det rockabilly var i USA, ein ny form for musikk som var rask og høg, og begge hadde ein direkte kommunikasjon mellom bandet og publikum. Som rockabilly gav britisk skiffle nye mogelegheiter for profesjonelle musikarar som ønskte å ta steget vidare.
Lonnie Donegan, skaparen av britisk skiffle, vart profesjonell musikar i 1953 og vart med i tradjazz-bandet til Ken Colyer. Som pauseinnslag på konsertane deira underheldt Donegan publikum med folkemusikk og blues, med bass og vaskebrett som ein del av musikken. Colyer kalla det skiffle, og snart var det meir populært enn jazzen som resten av bandet spelte. Då trombonisten Chris Barber forlet bandet i 1954 for danne sitt eige band, tok han Donegan med seg og let han spele på albumet New Orleans Joys, som var spelt inn i 1954. På grunn av Donegan sine rustne utgåver av songane «Rock Island Line» og «John Henry», selde albumet 50 000 eksemplar, som vart rekna som særs mykje. Skiffle vart spelt på radio, og Decca gav ut «Rock Island Line» som singel i 1956. Singelen låg heile åtte månader på Topp 20 i Storbritannia, og nådde sjetteplass som høgaste plassering. I USA nådde han åttande plass og selde over ein million eksemplar over heile verda. Donegan spelte på The Perry Como Show i USA i lag med Ronald Reagan.
Donegan hadde berre fått betalt 50 pund for innspelinga av songen, så Donegan signerte ein plateavtale med det nye Pye-Nixa og gav raskt ut «Lost John», som nådde andreplass i juni 1956. Dette var starten på ei rekkje av heile 34 britiske hitsinglar. Den siste kom i 1962.
Skiffle vert ofte omtalt som ein rein forgjengar for britisk rock and roll, men mykje av den tidlege skiffle-musikken vart spelt av dyktige trad jazz-musikarar. Vipers Skiffle Group og Chas McDevitt & Nancy Whiskey var døme på dette. The Vipers vart kjend om lag samstundes med at Lonnie Donegan forlet Chris Barber Jazz Band for å starte for seg sjølv som skiffle-artist.
The Vipers heldt til ved The 2i's Coffee Bar i London, og i løpet av denne perioden var musikarar som Tommy Steele, Jet Harris, Bruce Welch og Hank Marvin innom bandet. Dei hadde derimot eit stort problem, og det var å halde songane sine borte frå Donegan. Etter at Donegan hadde oppnådd høgare plasseringa på listene med dei to første hitsinglane deira, var det dårleg forhold mellom dei.
The Vipers tok hemn ein gong Donegan spelte «Cumberland Gap» på fjernsyn før han hadde spelt inn songen sjølv. The Vipers gjekk straks til studio og spelte inn si utgåve av songen, før han, og selde 100 000 eksemplar før Donegan fekk ut si utgåve. Donegan si utgåve gjekk heilt til topps på salslista i Storbritannia og vart liggande der i fem veker i strekk. Mot slutten av 1957 var The Vipers på veg ned, og Donegan vart krona som «Kongen av Skiffle».
Chas McDevitt, med Nancy Whiskey på vokal, hadde ein verdsomspennande hit med «Freight Train». I juli 1957, sju år før The Beatles, var McDevitt på Ed Sullivan Show same dag som the Everly Brothers først spelte «Bye Bye Love». Showet vart sendt til om lag 45 millionar tilskodarar. Dette vart sin suksess og dei vart sendt på turne med artistar som Slim Whitman og Frankie Lymon & The Teenagers. Dei erstatta òg Jerry Lee Lewis på den mislukka britiske turneen hans i 1958.
Då britisk rock and roll var i ferd med å ta av, først med Tommy Steele så Marty Wilde og Cliff Richard and The Drifters (seinare kalla The Shadows), heldt Donegan framleis på med sitt og var ikkje merksam på at populariteten til skiffle var på veg ned. Tidleg i 1960-åra skildra Donegan dei første Beatles-platene som gammaldags rock and roll som hadde stoppa inntektene hans.
Det var populariteten til den enkle skiffle-musikken som gav dei unge britane ideen om at dei sjølve kunne spele musikk og skape populære plater. Fleire kjende britiske musikkgrupper starta som skifflegrupper:
- The Beatles utvikla seg frå eit skiffle-band kalla The Quarrymen
- Mick Jagger var medlem av Barber-Colyer Skiffle Band, men hevdar at han ikkje eigentleg likte skiffle-musikk.
- Graham Nash og Alan Clarke frå The Hollies starta karrierane sine i eit skiffle-band kalla the Two Teens.
- Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page spelte første gong på BBC Television i eit skiffle-band som tenåring seint i 1950-åra.
- Van Morrison starta i eit skiffle-band kalla the Sputniks.
- The Spinners starta som ei skiffle-gruppe.
- Alex Harvey frå Sensational Alex Harvey Band starta som skifflemusikar før han danna SAHB.
- Ronnie Wood, som seinare vart medlem av the Rolling Stones spelte sin første konsert i 1957, 9 år gammal, då han spelte vaskebrett i lag med broren sitt band, Candy Bison Skiffle Group.
Eksplosjonen av britiske musikkartistar som dukka opp på midten av 1960-åra, i USA kalla den britiske invasjonen, kan delvis tilskrivast skiffle-bølgja fleire år tidlegare. Utanom hitsinglane til Donegan hadde skiffle i seg sjølv liten påverknad i USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Gloag, Kenneth, «skiffle», The Oxford Companion to Music, Oxford University Press
- Denne artikkelen bygger på «Skiffle» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Chas McDevitt Skiffle. The Definitive Inside Story Robson Books. 1999. ISBN 1-86105-140-9
- Mark Kermode: «My 20-year love affair with the joy of skiffle», The Guardian, 1. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Chas McDevitt Skiffle. The Definitive Inside Story Robson Books. 1999. ISBN 1-86105-140-9
- Mark Kermode: «My 20-year love affair with the joy of skiffle» i The Guardian.