Hopp til innhald

Skjelett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjelett av menneske og løve.

Skjelett (frå gresk skeleton (soma), 'uttørka (kropp)') eller beingrind er ein kroppsleg struktur i dyr som tener til å stø kroppen, verna indre organ og fungera som muskelfeste.[1] Ulike dyregrupper har ulike former for skjelett, og me skil mellom endo- og eksoskjelett, avhengig av om det sit utanpå eller inne i kroppen. Skjelettet hos mennesket deler me inn i akseskjelettet som famnar om skallen, ryggraden, ribbeina og brystbeinet, og appendikulærskjelettet som inkluderer kragebeina, skulderblada, beina i armene, hofta og beina i føtene.

I overført tyding kallar ein indre, berande strukturar i konstruksjonar for skjelett.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.