Hopp til innhald

Sportsklubben Rye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sportsklubben Rye vart etablert 1. juni 1920 på Olav Ryes Plass på Grünerløkka i Oslo, og vart danna som ei norsk idrettsforeining. Klubben har vidare utvikla seg til å bli blant landets største sykkelklubber. Det blir sagt at klubben vart først danna under namnet Djerv, men seinare endra i 1923 til Rye sidan treninga tok stad ved Olav Ryes Plass.

Opphavleg var klubben berre beståande av to idrettar, fotball og ski. Sidan kom det fleire idrettar inn, som ulike ishockeyen, skøyter, orientering og kappgang. Sykkel, som klubben no er mest kjend med å drive med kom ikkje før i 1922. Andre sykkelidretter enn landevegssykling har koma fram i seinare tid, blant dei er ulike sykkelsporter i skog og mark, som terrengsykling og downhill. Sportsklubben Rye har gjennom årane spesialisert seg i nokre typar idrettar, og idrettar som skøyter og fotball har forsvunne ut av klubben. I staden for har klubben fått gruppe for både løyping, langrenn og triatlon.

Gjennom tidene er det mange talentfulle syklistar som har sett prega sine i Rye si sykkelsport. Blant dei fremste er Per Digerud, Geir Digerud og Harald Bundli. I 2013 deltok Rye syklisten Ole Forfang som einaste nordmann i Junior VM, tempo. Han køyrde inn til ein sterk 6. plass.