Stortingsvalet 1953
Stortingsvalet 1953 var det tredje stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, og vart halde 12. oktober 1953. Før dette valet vart ordninga for fordeling av mandat endra. Den gamle endringa hadde sterkt favorisert store parti. Den nye ordninga gav ei mandatfordeling som kom nærare fordelinga av røyster. Difor mista Arbeidarpartiet 8 mandat sjølv om dei fekk fleire røyster enn sist, medan Norges Kommunistiske Parti kom tilbake på Stortinget med tre nye mandat endå dei fekk færre røyster enn sist. Det er berekna at med den gamle valordninga ville Arbeidarpartiet ha fått 92 mandat ved dette valet.
Valet vart likevel ein stor siger for Arbeidarpartiet, og Oscar Torp si regjering heldt fram. Arbeidarpartiet beheldt fleirtal åleine i Stortinget.
Resultat
[endre | endre wikiteksten]Parti | Del av røystene (%) | Endring i høve til 1949 | Mandat | Endring i høve til 1949 |
---|---|---|---|---|
Arbeidarpartiet | 46,7 | + 1,1 | 77 | - 8 |
Høgre | 18,4 | + 2,5 | 27 | + 4 |
Kristeleg Folkeparti | 10,5 | + 2,1 | 14 | + 5 |
Venstre | 10,0 | - 2,5 | 15 | - 6 |
Bondepartiet | 8,8 | + 4,0 | 14 | + 2 |
Norges Kommunistiske Parti | 5,1 | - 0,8 | 3 | + 3 |
Borgarleg fellesliste | 0,5 | - 5,6 | 0¹ | 0 |
Total | 100 | 0 | 150 | 0 |
¹Mandat frå borgarleg fellesliste fordelt på dei einskilde partia (i dette tilfellet gav felleslista eit mandat til Høgre).
Den borgarlege felleslista var eit samarbeid mellom Bondepartiet og Høgre i Aust-Agder.
Eit anslag over valresultatet med felleslista oppløyst gjev desse partia dette resultatet:
Parti | Prosent røyster | Endring i høve til 1949 |
---|---|---|
Høgre | 18,8 | - 1,0 |
Bondepartiet | 9,0 | + 1,1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Statistisk Sentralbyrå
- Stortingsforhandlinger 1954 (Oslo, 1955)
- Hvem Hva Hvor 1962 (Oslo, 1961)