Strandvik
Utsjånad
Strandvik er ei bygd i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke, og ein tidlegare sjølvstendig kommune.
I Strandvik ligg ei kyrkje og ein barneskule.
Strandvik kommune 1903-1964
[endre | endre wikiteksten]Strandvik blei skild ut som eigen kommune frå Fusa 1. januar 1903 samtidig med Hålandsdal. Strandvik hadde ved opprettinga 1 876 innbyggjarar. Fusa kommune var i 1856 skild ut frå Os. 1. januar 1964 blei Strandvik, Hålandsdal og det meste av Fusa slått saman til den nye Fusa kommune. Strandvik hadde ved samanslåinga 2 053 innbyggjarar.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Strandvik kommune frå 1903 til 1964:
1.1.1903 | 1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|---|
1876 | 1986 | 2136 | 2345 | 2303 | 2151 | 2053 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiel nettstad
- Strandvik kyrkje Arkivert 2012-03-27 ved Wayback Machine.