Hopp til innhald

Strandvindel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandvindel
Strandvindel
Strandvindel
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Solanales
Familie: Convolvulaceae
Slekt: Calystegia
Art: Strandvindel C. sepium
Vitskapleg namn
Calystegia sepium
Strandvindelfrø

Strandvindel er ein fleirårig art i vindelfamilien. Planta har ei kosmopolitisk utbreiing i tempererte strok. Stengelen kliv høgt i andre plantar. Bladet har trongt skar ved skaftet. Tett under begeret sit to hjarteforma forblad, 2 cm lange. Oftast kvit krone, trompetforma, 5 cm brei. Strandvindelen blømer kring juli månad på steinete stader, havstrender og avfallsplassar. Finst i Noreg nord til Trøndelag.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.