Sykkelhjelm
Ein sykkelhjelm er ein hjelm laga for å verne kraniet ved sykkelulykker. Hjelmen er som oftast eit ganske luftig hovudplagg av lette syntetiske material, som vil redusera hovudskader viss ein slår hovudet medan ein har på seg hjelmen. I tidsskrift om legevitskap er det debatt om det blir færre hjerneskadar om fleire brukar hjelm. Bruk av sykkelhjelm har vorte meir og meir vanleg i Noreg og andre land. Men sykkelhjelm er veldig uvanleg i andre landa der mange syklar, som Nederland, Danmark og Tyskland.
Påbod
[endre | endre wikiteksten]Å bruka sykkelhjelm når ein syklar i trafikken er ikkje påbode i Noreg, korkje for born eller vaksne. Å nekte folk å sykle om dei ikkje brukar hjelm har verte diskutert lenge i Noreg og i utlandet. Eit framlegg om eit slikt påbod er no (2008) til handsaming i Samferdsledepartementet. Vegdirektoratet har frårådd departementet å vedta ei slik lov, av di ein har sett i andre land at påbod om hjelm gjer at færre syklar. Helsevinsten og miljøvinsten når folk syklar er viktigare enn vinsten av hjelmpåbod.
Tilhengjarane av eit påbod om hjelm får støtte frå Verdas helseorganisjon, WHO. Motstandarar rettar skarp fagleg kritikk mot argumenta, grunn-dataa og tolkinga av dei.
Kritikarane av hjelmpåbod peikar òg på vitskapsartiklar som konkludera med at hjelmpåbod i Australia, New Zealand og Nova Scotia ikkje har redusert hovudskadane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- På eller av med sykkelhjelmen? Arkivert 2007-08-30 ved Wayback Machine.
- Bicycle helmet Research Foundation
- Helmet battle Flares up in British Medical Journal[daud lenkje]
- Se: "Statens vegvesen ønsker ikke sykkelhjelmpåbud nå" Arkivert 2007-06-25 ved Wayback Machine.
- Informasjon frå Syklistenes Landsforening Arkivert 2008-04-23 ved Wayback Machine.
- WHO helmet manual : BOX 1.3: Steering clear of mandatory helmet use: the Dutch approach to cycling safely
- WHO helmet manual