Hopp til innhald

Tømmervik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmervik kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Senja
Sokn Sørreisa
Fellesråd Sørreisa
Arkitekt Viggo Ditlevsen
Innvigd 1992
Klokker 3
Preikestol I tre, teikna av arkitekten
Døypefont I tre (1844)
Orgel Ryde og Berg (1993)
Sitjeplassar 300
Kart
Tømmervik kyrkje
69°10′31″N 18°05′09″E / 69.1753°N 18.0858°E / 69.1753; 18.0858
Wikimedia Commons: Tømmervik kirke

Tømmervik kyrkje (tidlegare Sørreisa kyrkje) er ei kirke frå 1992 i Sørreisa kommune i Troms fylke.

Byggverket er i stål og tre og har 300 sitjeplassar. Kyrkja er konstruert i ein kvadratisk form.

Kyrkja har orgel frå Ryde & Berg Orgelbyggeri.[1][2]

Det er kyrkjegard eit par kilometer frå kyrkja.

Tidlegare kyrkje

[endre | endre wikiteksten]
Den førre kyrkja brann i 1987.
Foto: Anders Beer Wilse (1928)

Den førre kyrkja brann i 1987. Det var ei åttekanta kyrkje frå 1844. Arkitekt var Christian H. Grosch. Truleg vart dei same teikningane nytta som for Dverberg kyrkje, som vart oppført like før.[3] Den nye kyrkja står på same tomta, og kyrkesalen speglar omrisset av åttekantkyrkja.[4][5]

  1. Ryde & Berg Orgelbyggeri: Opus 26, Tømmervik kirke
  2. Disposisjon for orgelet i Tømmervik kyrkje
  3. Hage, I. og J.v. Bonsdorff: Kunsthistorie i nord. Tidsskriftet Ottar nr 3, 2000.
  4. Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
  5. Alf Henry Rasmussen (1993). «Sørreisa kirke, Sørreisa». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 125. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]