Temuco
Temuco | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Chile Araucanía | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 464 km² | ||
Innbyggjarar | 262 530 (2012) | ||
Innbyggjarar - By (2012) |
282 415[1] | ||
Høgd over havet | 360 m | ||
Tidssone | UTC-04:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://www.temuco.cl/ | |||
Nettstad: www.temuco.cl |
Temuco (spansk uttale: [teˈmuko]) er ein by og kommune, hovudstad i Cautín-provinsen og i Araucanía-regionen i det sørlege Chile. Byen ligg 670 kilometer sør for Santiago. Byen voks ut frå eit fort med same namn etablert i 1881 under Chiles invasjon av Araucanía.[2] Temuco ligg midt i det historiske Araucanía, eit tradisjonelt land for urfolket mapuche.
Temuco si sentrale plassering i Araucanía med lett tilgang til landskap i Andes, nærvære til innsjøane og kystområda gjer han til eit knutepunkt for turisme, landbruk og skogbruk, og dessutan eit kommunikasjons- og handelssenter for dei mange småbyane i Araucanía. Temuco har nyleg vorte sett på som ein universitetsby då han husar to store universitet: University of the Frontier og Temuco Catholic University. Nobelprisvinnarane Gabriela Mistral og Pablo Neruda budde i Temuco kvar sin periode.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Ordet temuco kjem frå språket mapudungun, som betyr 'temu vatn'; temu er det vanlege namnet på to stadeigne treslag i myrtefamilien Myrtaceae, Luma apiculata og Blepharocalyx cruckshanksii. Begge artane er prega av oransjeraud bork og ved å ha aromatiske frukter og blad som ofte blir brukte av mapuche til medisinske formål. Medan Blepharocalyx cruckschankii er ein truga art, er Luma apiculata relativt vanleg og i Temuco er det mogleg å sjå han veks naturleg i Cerro Ñielol naturmonumentet så vel som i byhagar. Samansettinga av orda temu og co ('vatn'), speglar sannsynlegvis at desse trea ofte veks nær vatn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd 24. februar 1881 av den chilenske hæren som eit fort under okkupasjonen av Araucanía. Temuco vart danna som eit militærleir og hadde i opphavet sitt eigenskapane til ein leir, og eit år etter grunnlegginga byrja dei første store gatene å danne seg i sentrumsområdet.
Den 15. april 1888 vart dei første tenestemennene valde, inkludert den første ordføraren. Byen voks raskt; ei folketeljing i 1895 indikerte ein folkesetnad på 7 708 menneske, og då Cautin vart erklært som ein provins, vart Temuco hovudstaden, med 16 037 i folketal.
Chilensk poesi har djupe røter i Temuco. Nobelprisvinnarane Gabriela Mistral og Pablo Neruda (Neftalí Reyes) budde begge i Temuco. Mistral var rektor på ein jenteskule der Neruda besøkte henne og viste henne sine første vers då han var rundt 15 år gammal.
Økonomi og miljø
[endre | endre wikiteksten]Temuco ligg i ein dal i sørlege Chile, midt mellom Stillehavet i vest og Andesfjella i aust. Byen er omgjeven av eit landskap som er typisk for det sentrale og sørlege Chile med plantasjar med innførte artar som blir brukte i skogbruk saman med skoglause område. Det opphavlege økosystemet i området som består av temperert skog finn ein framleis i Ñielol-høgda. Luftforureining er eit tilbakevendande problem i byen om hausten og vinteren fordi vedfyring er den primære varmekjelda i dei kalde månadene i Temuco. Som ein konsekvens er luftkvaliteten i byen den tredje lågaste i Chile.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Klimatologisk ligg Temuco ved grensa mot middelhavsklima i sentrale Chile, men med eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb). Gjennom året vekslar sykloniske og antisykloniske påverknader, med ein tydeleg tørrare sommarperiode. Temuco har likevel ikkje eit like tørt klima som Santiago, ettersom byen får akkurat nok nedbør til å unngå ei middelhavsklimaklassifisering. Den gjennomsnittlege årlege temperaturen er 13 °C, med høgaste median i løpet av den varmaste månaden på 23,5 °C og lågaste median i den kaldaste månaden på 3,5 °C. Årleg gjennomsnittleg regn i løpet av 1961–1990 var 1157 millimeter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Temuco» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2023
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 http://resultados.censo2017.cl/Region?R=R09; vitjingsdato: 25. februar 2021.
- ↑ Bengoa, José (2000). Historia del pueblo mapuche: Siglos XIX y XX (Seventh utg.). LOM Ediciones. s. 280–281. ISBN 956-282-232-X.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |