Tettstader i Buskerud
Det er 47 tettstader i Buskerud fylke (2023). Av dei er desse byar: Drammen, Hønefoss, Kongsberg og Svelvik. I Buskerud kallar også Hokksund seg by, men er ikkje teken med på desse listene, fordi Hokksund i dag vert rekna som ein del av tettstaden Drammen.
Ca. 82 % av dei som bur i Buskerud bur i tettstadene, omtrent som landsgjennomsnittet på 83 %.[1] Nær 66 % av folkesetnaden budde i ein av dei fem største tettstadene i 2023.
Flå kommune har ingen tettstad som møter kriteria til Statistisk sentralbyrå, alle øvrige 17 kommunar i Buskerud fylke har minst ein tettstad. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.
Liste over tettstadane i Buskerud fylke
[endre | endre wikiteksten]Tettstaden Oslo strekk seg inn i Lier kommune. Sidan dette berre representerer ein marginal del av folkesetnaden i Oslo, er ikkje Oslo tatt med i oversynet her.
Tettstader i Buskerud, etter kommune slik kommuneinndelinga var før 2020
[endre | endre wikiteksten]
Flå
|
|
Tidlegare tettstader
[endre | endre wikiteksten]Desse stadene har tidlegare vore definerte som tettstader av SSB, men er det ikkje lenger no:
- Reistad [3] i Lier kommune, vart del av tettstaden Lierbyen.
- Nærsnes [4] i Røyken kommune, vart del av tettstaden Oslo.
- Hen [5] i Ringerike kommune.
- Nes i Ringerike [5] i Ringerike kommune.
- Slemmestad[6] i Røyken kommune, vart del av tettstaden Oslo.
- Saggrenda[6] i Kongsberg kommune, vart del av tettstaden Kongsberg
- Hval[6] i Ringerike kommune
- Viul[6] i Ringerike kommune
- Heradsbygda[6] i Ringerike kommune, vart del av tettstaden Hønefoss
- Åmot[6] i Modum kommune, vart del av tettstaden Åmot/Geithus.
- Geithus[6] i Modum kommune, vart del av tettstaden Åmot/Geithus.
- Hokksund[6] i Øvre Eiker kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Krokstadelva[6] i Nedre Eiker kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Steinberg[6] i Nedre Eiker kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Mjøndalen[6] i Nedre Eiker kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Dagslett[6] i Røyken kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Spikkestad[6] i Røyken kommune, vart del av tettstaden Drammen.
- Filtvet[6] i Hurum kommune, vart del av tettstaden Tofte.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Statistisk sentralbyrå:
- «Tabell 14216: Areal og befolkning i tettsteder (K) (T) 2000 - 2023». Statistisk sentralbyrå. Henta 7. april 2024.
- «Tettsteders befolkning og areal - portal til tettstad-statistikk 1999-2020». Statistisk sentralbyrå. Henta 7. april 2024.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tettsteders befolkning og areal», 12. desember 2023
- ↑ Bystatus i Noreg har ingen offisiell funksjon, sjå artikkelen Byar i Noreg.
- ↑ «Utgåtte tettsteder»
- ↑ «Nye og utgåtte tettsteder. 2002-2003»
- ↑ 5,0 5,1 «Nye og utgåtte tettsteder. 2003-2004»
- ↑ 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 Rapporter fra Statistisk sentralbyrå 87/2 «Folke- og boligtellingene 1960, 1970 og 1980. Dokumentasjon av de sammenlignbare filene» av Kåre Vassenden (Arkivert i https://web.archive.org 21. februar 2007)