Tor Egil Johansen
Tor Egil Johansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. august 1950 (74 år) Oslo |
Idrett | fotball |
Tor Egil Johansen (fødd 8. august 1950) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtbanespelaren Johansen spelte for IK Skeid og Lillestrøm SK og for det norske landslaget.
Johansen spelte for osloklubben Skeid i tida 1969-76 og 1978-80. Han var ein sentral spelar då laget vart norsk meister i 1974, då det vart siger over favoritten Viking FK i cupfinalen på Ullevaal stadion. Sesongane 1976 og 1977 spelte han for Lillestrøm SK, i begge sesongane var han med på å føre klubben til seriegull, i 1977 vart han også norsk meister laget. Etter desse triumfane vende han tilbake til Skeid. Han la opp etter 1980-sesongen.
Johansen debuterte Noreg i 1971 og spelte 52 landskampar i tida fram til 1978. Han var ein drivande midtbanespelar som skåra sju landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Noregsmeister: 1974 med Skeid
- Seriemeister: 1976 og 1977 med Lillestrøm SK
- Noregsmeister: 1977 med Lillestrøm SK
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tor Egil Johansen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2015.