Tore Austad
Tore Austad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1935 (89 år) Skedsmo kommune |
Yrke | politikar, universitetslærar, skribent |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Tore Austad (fødd 8. april 1935) er ein norsk skulemann og politikar, fødd i Skedsmo i Akershus. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Willoch-regjeringa i tida oktober 1981 til juni 1983.
Austad tok eksamen ved Sjøkrigsskulen i 1956 og gjorde teneste som løytnant i marinen til 1958. I 1962 vart han cand.philol. frå Universitetet i Oslo og var så lektor ved Drammen handelsgymnas til 1964. Etter å ha vore «professor» i norsk ved University of Chicago i to år, kom han i 1966 tilbake til lektorstilling ved Kristiansand katedralskole.
Frå 1972 var Austad aktiv for partiet Høgre i lokalpolitikken i Kristiansand og Vest-Agder. Han var medlem i bystyret frå 1972 til -79, og formann i skulestyret i Kristiansand 1972-77. Frå 1976 var han også medlem i fylkeskulestyret i Vest-Agder.
Hausten 1977 vart Austad vald til stortingsrepresentant frå Vest-Agder, og sidan attvald både i 1981 og 1985. På Stortinget var han dei tre fyrste sesjonane medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen, og deretter formann i same komiteen 1980/81-sesjonen.
Den 14. oktober 1981 vart Austad utnemnd til statsråd i ei rein Høgre-regjering leidd av Kåre Willoch. Han fekk styre Kyrkje- og undervisningsdepartementet til 8. juni 1983, då representantar for Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet tok plass i statsrådet. Austad måtte då vike for Kjell Magne Bondevik som sjef i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Austad var i resten av 1982-83-sesjonen med i Samferdslekomiteen og sidan medlem i Justiskomiteen 1983-85. I den siste fireårsperioden, 1985-89, hadde han sete i Forsvarskomiteen.
I 1989 gjekk Austad tilbake til lektorjobben i Kristiansand. Han tok også val til bystyret i Kristiansand og frå 1995 til 2007 var han i seks år meinig bystyremedlem og like lenge formannskapsmedlem.