Usyra brød
Utsjånad
Usyra brød er brød baka utan surdeig eller gjær. Usyra brød er eigentleg ei form for flatbrød, men i religiøs samanheng meiner ein brød som minner om brødet jødane i all hast måtte baka før utferda frå Egypt.
- Ein massá (hebr. מַצָּה maṣṣā) er usyra brød bruka ved jødisk feiring av Pesah.
- Ein nattverdsoblat er usyra brød framstilt for utdeling ved nattverd i kyrkja.
I Bibelen vert påska kalla høgtida med usyra brød;[1] i eldre omsetjingar søtebrødhelgi.
No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske. |