Vasabladet
Utsjånad
Vasabladet | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Type | Avis[1] | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 7. Mai 1856'"`uniq--ref-00000001-qinu`"' | ||
Språk | Svensk[1] | ||
Hovudkvarter | Vasa | ||
ISSN | 1458-4492, 0356-1844,[1] 1237-9050 | ||
Nettstad | http://www.vasabladet.fi |
Vasabladet er ei svenskspråkleg regional dagsavis i Österbotten i Finland med hovudsete i Vasa. Med eit opplag på rundt 23 700 eksemplar er ho den nest største svenskspråklege avisa i Finland.[2] Avisa vert karakterisert som uavhengig liberal.
Vasabladet vart grunnlagt i 1856, og første eksemplar utkom den 7. mai. Avisa er dermed Finlands nest eldste enno eksisterande avis.
Frå 2004 har avisa komme ut sju dagar i veka. Nyhenda vert òg publiserte på nettsida til avisa. Vasabladet har HSS Media Ab som eigar, som på si side har Harry Schaumans Stiftelse som eigar.[3]
Sjefredaktør frå 2009 er Lars Rosenblad.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/0356-1844/data.
- ↑ Tidningarnas Förbund, Upplagor 2008, arkivert frå originalen 11. oktober 2009, henta 12. juli 2020
- ↑ HSS Media
- Denne artikkelen bygger på «Vasabladet» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2020.