Viktor Khristenko
Utsjånad
Viktor Khristenko | |||
| |||
Fødd | Виктор Борисович Христенко 28. august 1957 (67 år) Tsjeljabinsk | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Russland | ||
Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti | ||
Yrke | statsmann, samfunnsøkonom | ||
Utdanna ved | Statsuniversitetet i Sør-Ural high school No. 121 (Chelyabinsk) | ||
Ektefelle | Tatjana Golikova | ||
Verv | Russisk statsminister 2004 | ||
Føregangar | Mikhail Kasianov | ||
Etterfylgjar | Mikhail Fradkov | ||
Alle verv |
Viktor Borisovitsj Khristenko (fødd 28. august 1957), er ein russisk politikar og økonom. Frå 24. februar til 5. mars 2004 var han fungerande statsminister i Russland etter at føregangaren Mikhail Kasianov vart avsett av president Vladimir Putin.
Khristenko vart fødd i Tsjeljabinsk. Han er gift og har tre born. Han har doktorgrad i økonomi og jobba etter endt utdanning ved universitetet i Tsjeljabinsk. Frå 1991 til 1997 hadde han høge posisjonar i administrasjonen i Tsjeljabinsk oblast. I 1997 kom han til Kreml som visefinansminister. Frå 1999 var han visestatsminister. Frå 5. mars 2004 til 31. januar 2012 har han vore industri- og energiminister.