Wadi Hanifa
Wadi Hanifa | |||
وادي حنيفة | |||
wadi | |||
Al Elb-dammen i Diriya Riyadh er ein del av Wadi Haneefa-prosjektet.
| |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Riyadh-provinsen | ||
Wadi Hanifa 24°35′21″N 46°42′22″E / 24.589165°N 46.706053°E | |||
Kart som viser Wadi Hanifa.
| |||
Wikimedia Commons: Wadi Hanifa |
Wadi Hanifa (arabisk وادي حنيفة) er ein wadi eller dal i Nejd-området i Riyadh-provinsen, sentralt i Saudi-Arabia. Dalen strekkjer seg 120 km frå nordvest til søraust, og skjer gjennom byen Riyadh, hovudstaden i Saudi-Arabia. Ei rekkje byar og landsbyar ligg i dalen, som Uyaynah, Irqah og Diriyah. Den historiske byen Riyadh ligg på nordaustsida av wadien, men byen har spreidd seg på tvers av heile dalen.
I førislamsk Arabia, vart wadien kalla al-Irdh (arabisk العرض). Det noverande namnet kjem frå Banu Hanifa, den viktigaste arabiske stamma i området under den islamske erobringa av Arabia.
I førhistorisk tid regna det mykje i regionen. Dette er synt i lokale folkesegner som hevdar at området under det eldgamle kongedømet al-Yamamah, var dekt av oasar og frodig jordbruksland. Gud vart sint og sendte ein sverm av grashopper og tørke i landet, som det aldri kom seg frå. Moderne klimastudiar syner at den lokale katastrofen kom som følgje av globale klimaendringar. Pågåande og framtidige endringar kan føre til høgare nedbørnivå i regionen.
Temperaturane om sommaren er i snitt kring 43 ºC og den normale årsnedbøren er berre 60 mm på dei tørraste stadane. Regnet kjem i korte, intense periodar, og fører til bråflaumar. Det varme, tørre klimaet fører til at det meste av regnet som fell fordampar så snart det treff bakken. Det litle som vert att hamnar i grunnvatnet. Grunnvatnet under jorda er rikt, men er blitt kraftig tappa dei siste femti åra i takt med veksten til Riyadh.
Dalen har tradisjonelt vore tørr utanom flaumperiodane, mend et første store kloakkhandsamingsanlegget til Riyadh, som vart bygd i 1982, kanaliserer 400 000-650 000 kubikkmeter med avrenning nedover dalen kvar dag, noko som har skapt små innsjøar sør for Riyadh. Det har oppstått ein ny, grøn korridor, som strekkjer seg nesten 100 km nedover dalen. Den saudiarabiske regjeringa og Ar-Riyad utviklingsinstans utpeikte arkitektane Buro Happold og Moriyama & Teshima [1] om å kome opp med ein plan for å bevare våtmarksområda i Wadi Hanifa, sidan dei vart populære fritidsområde for aktivitetar som fiske og piknik-turar, og ein stoppestad for trekkfugl. Regjeringa har investert over 100 millionar dollar i eit rehabiliteringsprosjekt. Dette omfattar dammar for å regulere vasstraumen, ny avgrensa arealbruk, der ein har forbode kommersiell aktivitet som steinbryting og planting av siv for å ytterlegare reinse det handsama og uhandsama kloakkvatnet. Det fullførte prosjektet vann Aga Khan-prisen for arkitektur i 2010.[2]
Auken av overflatevatn har ført til omfattande dyrking av daddelpalmer langs breidda av wadien. Det handsama vatnet vert gjeven gratis av staten til bøndene. I tillegg nyttar starten mykje av vatnet til å drive eit av dei største oljeraffineria i landet. Byen Riyadh pumpar òg ein del attende til byen for å vatne dei offentlege hagane og parkane.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wadi Hanifa» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- al-Asad, Mohammad & Yildirum Yavuz. Wadi Hanifa Development Plan. ArRiyadh Development Authority, 2001/2004.
- al-Nuaim, Dr. Abdullah Al Ali. Address. “A Profile of the Experience of Building and the Modern Development of Riyadh City,” Riyadh as Arab Cultural Capital for 2000. Royal Embassy of Saudi-Arabia. Washington, 22. mai 2000.
- al-Weshah, Dr. Radwan A., Hydrology of Wadi Systems. Damascus: Arab Center for the Studies of Arid Zones and Dry Lands, 2002.
- Bodeker, Jens. “Architect’s Record of Wadi Hanifa Wetlands.” ArchNet: islamic Architecture Community. 2001. Aga Khan Trust for Culture. http://archnet.org/library/sites/one-site.tcl?site_id=4168 Arkivert 2006-02-08 ved Wayback Machine.
- High Commission for the Development of ArRiyadh. ArRiyadh Geography. 2007. ArRiyadh City Web Site. http://www.arriyadh.com/En/Ab-Arriyad/LeftBar/Geography/alrriyadh-gogrphy.doc_cvt.asp Arkivert 2007-06-07 ved Wayback Machine.
- Philby, H. St. J. B. (1920). «Southern Najd». The Geographical Journal (The Geographical Journal, Vol. 55, No. 3) 55 (3): 161–185. JSTOR 1781600. doi:10.2307/1781600.
- Saudi Arabia. Ministry of Foreign Affairs. Government News 04/03/2006. Riyadh: http://www.mofa.gov.sa/detail.asp?InNewsItemID=45467&InTemplateKey=print, 2006.
- Saudi Arabia. Saudi Press Agency. “Prince Salman bin Abdulaziz Inspects Wadi Hanifa Environmental Rehabilitation Project.” Riyadh: http://www.spa.gov.sa/English/details.php?id=330976, 2007.
- ↑ «Wadi Hanifah». Buro Happold. 25. mai 2011. Arkivert frå originalen 9. mai 2011. Henta 23. desember 2015.
- ↑ Jenna M. McKnight: Revealed: Winners of 2010 Aga Khan Award for Architecture, in the Architectural Record, 24. november 2010, retrieved 1. desember 2010