Wake Up av Eliot Vassamillet
«Wake Up» Song av Eliot Vassamillet | ||
Land | Belgia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 28. februar 2019 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Sony Music | |
Komponist | Pierre Dumoulin | |
Låtskrivar(ar) | Pierre Dumoulin, Eliot Vassamillet |
---|
«Wake Up» (norsk: vakn opp) er ein popsong frå 2019 som vert framført av den belgiske songaren Eliot Vassamillet. Songen var det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest går på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren RTBF og den flamske kringkastaren VRT. I 2019 var det RTBF sin tur, og kringkastaren valde Eliot Vassamillet og «Wake Up» internt.[2] Songen er komponert av Pierre Dumoulin og vart offentleggjord 28. februar 2019.[3]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I januar 2019 vart Belgia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Belgia hadde startnummer 10.[4] «Wake Up» enda på ein 13. plass i sin semifinale og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[5]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2019) | Høgaste
plassering |
---|---|
Belgia, Flandern (Ultratop)[6] | 35 |
Belgia, Vallonia (Ultratop)[7] | 27 |
Litauen (AGATA)[8] | 77 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Eliot - Belgium — Tel Aviv 2019». Henta 8. mai 2019.
- ↑ «Eliot will voice Belgium’s Eurovision 2019 entry». 15. januar 2019. Henta 8. mai 2019.
- ↑ «'Wake Up' is Eliot's song for Belgium in Tel Aviv». 28. februar 2019. Henta 8. mai 2019.
- ↑ «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019.
- ↑ «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.
- ↑ «Eliot - Wake Up». Henta 8. mai 2019.
- ↑ «Eliot - Wake Up». Henta 8. mai 2019.
- ↑ «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Wake Up» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2021.