Weiße Elster
Utsjånad
Weiße Elster | |||
elv | |||
Elsterdalen
| |||
Land | Tyskland, Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 257 km | ||
Kjelde | Vest i Tsjekkia | ||
• høgd | 724 moh. | ||
Munning | Saale | ||
Weiße Elster 50°12′01″N 12°16′20″E / 50.200277777778°N 12.272222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Weiße Elster |
Weiße Elster ('Kvite Elster', tsjekkisk Bílý Halštrov) er ei 257 km lang elv i Tsjekkia og Tyskland, og ei av sideelvane til Saale frå høgre. Ho har sitt utspring lengst vest i Tsjekkia, nær Aš. Etter nokre kilometer renn ho over grensa til Tyskland. I Tyskland renn ho gjennom bundeslanda Sachsen, Thüringen og Sachsen-Anhalt.
Weiße Elster renn gjennom byane Plauen, Greiz, Gera, Zeitz og Leipzig, og munnar ut i Saale ved Halle.
Det finst òg ei elv kalla Schwarze Elster i Aust-Tyskland.
Elva er kjend for staden der den polske prinsen og den franske marskalken Józef Antoni Poniatowski døydde i 1813 under Napoleonskrigane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Weiße Elster» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.