Hopp til innhald

Zeemaneffekten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zeemans foto av spaltinga til natrium-linjene i eitt magnetfelt

Zeemaneffekten er ein effekt eit magnetfelt har på frekvensen til stråling som vert emittert (eller absorbert) av atom som vert utsett for magnetfeltet. Effekten vart oppdaga i 1896 av Pieter Zeeman. Kvar enkel spektrallinje i lyset frå ein gass kan, når gassen vert utsett for eit magnetfelt, vise ei oppsplitting i fleire linjer med same innbyrdes avstand og symmetrisk fordelt omkring den opphavlege linja.