Hopp til innhald

lik

Frå Wiktionary - den frie ordboka
Versjonen frå 29. juni 2017 kl. 08:44 av Njardarlogar (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Nynorsk

[endre]

Ordsoge 1

[endre]

Frå norrønt lík (skapnad; lik).

Namnord

[endre]

lik  (bunde eintal liket, ubunde fleirtal lik, bunde fleirtal lika)

  1. daudt menneske, lekam utan liv

Kjelder

[endre]

Ordsoge 2

[endre]

Frå norrønt glíkr og líkr (''som har same skapnaden/lekamen'').

Eigenskapsord

[endre]

lik (hankjønn og hokjønn lik, inkjekjønn likt, bunde eintal og fleirtal like, komparativ likare, ubunden superlativ likast, bunden superlativ likaste)

  1. som har same mengda av ein viss hått eller eigenskap; som liknar
    Desse to hundane er heilt like.
  2. som svarar til, identisk med
    To pluss to er lik fire.
  3. rimeleg, venteleg
  4. særleg samanliknande: dugande, gagnleg, god
    Kven er likast av desse to?

Kjelder

[endre]