Allergen immunterap, òg kalla allergivaksinasjon og hyposensibilisering, er ei medisinsk behandling der den allergiske pasienten gjentatte gonger blir gitt eit bestemt allergen ved injeksjon, på huda eller gjennom munnen på ein slik måte at det over tid reduserer tilbøyelegheita vedkommande har til å reagere mot dette allergenet. Allergivaksinasjon gjer at den allergiske pasienten tåler større doser allergen utan å få allergisymptom, fordi vedkommande er blitt mindre følsom for det ho eller han er allergisk mot. Allergien blir ikkje heilt borte, men tendensen til allergisk reaksjon kan ved vellykka behandling bli så liten at vedkommande i praksis er som frisk. Allergivaksinasjon kan bli brukt ved nokre typar allergi, men ikkje alle.
Faktaboks
- Også kjend som
- desensibilisering, allergivaksinering
Fordelen med allergivaksinasjon samanlikna med bruk av allergimedisin er at ein reduserer eller heilt blir kvitt bruken av medisin, med dei praktiske og økonomiske fordelane det fører med seg, og ein unngår biverknadene som allergimedisin kan ha. I medisinske fagmiljø er det semje om at allergivaksinasjon hittil er blitt brukt for lite i allergibehandlinga. Spesielt viktig kan allergivaksinasjon vere hos barn, då det ser ut til at vaksinasjonen reduserer risikoen for utvikling av astma. Nye, betre vaksinepreparat blir stadig utvikla, saman med betre metodar for gjennomføring av vaksinasjonen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.