Faktaboks

Øyvind Vågnes
Fødd
4. august 1972, Brattvåg, Sunnmøre
Død
7. januar 2025, Bergen
Ansattbilde
Av /Universitetet i Bergen.

Øyvind Vågnes var ein norsk professor, forfattar, forskar, kritikar, omsetjar og redaktør. Han fekk Nynorsk Litteraturpris for den andre boka si, Ekko (2005).

Biografi

Vågnes var frå Sunnmøre, og busett i Bergen. Han var på 2000-talet redaksjonsmedlem i tidsskriftet Vagant, og skreiv fast om musikk i vekeavisa Dag og Tid. Vågnes tok doktorgraden ved engelsk institutt, Universitetet i Bergen, og vart seinere professor i medievitskap.

Forskning

Omslagsportrett
Av .

Doktorgradsarbeidet til Vågnes blei publisert som ein monografi med tittelen Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture. For denne boka fekk han Peter C. Rollins Book Award.

Fra 2008 til 2013 var han tilknytt prosjektet Nomadikon: New Ecologies of the Image, leia av Asbjørn Grønstad. I 2010 grunnla dei to det fagfellevurderte tidsskriftet Ekfrase: Nordisk Tidsskrift for Visuell Kultur.

Vågnes var knytt til fleire prosjekt innanfor visuell kultur, mellom anna ved Universitetet i Bergen og Universitetet i København. Han skreiv ei lang rekkje tekstar om ulike akademiske og populærvitskaplege emne på norsk og engelsk.

Skjønnlitteratur

Omslagsportrett
Av .

Vågnes hadde eit breitt spekter som forfattar og skreiv bøker som gjerne var drivne av ein sentral idé. Han debuterte i 2003 med den kritikarroste romanen Ingen skal sove i natt, som handlar om Inger og bror hennar. Dei veks opp i ei bygd med ein alkoholisert far som til slutt tek sitt eige liv. Vågnes følger dei to søskena og utforskar sorga deira og korleis fortida heile tida ligg under overflata. Samtidig spør romanen i kor stor grad minner formar oss som menneske.

For Ekko (2005) mottok Vågnes Nynorsk litteraturpris. Hovedperson Lasse Echo tråkker på ein rusten spikar og vert tvinga til å erkjenne at livet står i stampe. Dette er ein roman som handlar om å finne seg sjølv og bli klar over korleis ein skal fortelje historia om sitt eige liv.

I 2010 publiserte han Sekundet før, som tar for seg etiske problemstillingar omkring dokumentarfotografering og mediesamfunnet.

Sone Z fra 2014 er ein science fiction-roman som skildrar eit framtidig overvakingssamfunn, med tydelege referansar til George Orwells Nittenåttifire (1949). I den humoristiske og lett satiriske Vesaas (2017) problematiserer Vågnes tendensen i vår eiga tid til å omforme litteratur til kjendiskultur. Her møter vi Jon som jobbar med ein biografi om Tarjei Vesaas og er invitert til å jobbe som ekspert i utviklinga av eit opplevelsessenter som skal opnast til eit stort Vesaas-jubileum i Vinje. Her stiller Vågnes mellom anna spørsmål som kvifor vi les romanar og korleis dei lever vidare i oss?

Den siste romanen, Ei verd utan hestar, kom ut i 2022. Forteljinga følger ei slekt gjennom fleire generasjonar frå den amerikanske borgarkrigen via atomsprengingane i Nevada-ørkenen og fram til vår eiga samtid.

Han har omsett fleire amerikanske forfattere til norsk, mellom andre Don DeLillo, Lydia Davis og Rick Moody.

Bibliografi

  • Ei verd utan hestar (Roman, Tiden, 2022)
  • Den vesle blå haien (illustrert av Akin Duzakin, Skald forlag, 2016)
  • Sone Z (Roman, Tiden, 2014)
  • Den dokumentariske teikneserien (Universitetsforlaget, 2014)
  • Kennedybildet (boksingel, Flamme forlag, 2013)
  • Zaprudered : the Kennedy Assassination Film in Visual Culture (University of Texas Press, 2011)
  • Ekfrase: Nordisk Tidsskrift for Visuell Kultur (fem årganger à to hefter, Universitetsforlaget, 2010-2014
  • Sekundet før (Roman, Tiden, 2010)
  • Ekko (Roman, Tiden, 2005)
  • Ingen skal sove i natt (Roman, Tiden, 2003)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg