Nynorsk litteraturpris er ein skjønnlitterær pris for bøker på nynorsk og dialekt.
Nynorsk litteraturpris blei oppretta av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget, og vart delt ut fyrste gong i 1982. Prisen går til forfattaren av den beste skjønnlitterære boka for vaksne på nynorsk eller dialekt som er gitt ut året før.
Juryen for Nynorsk litteraturpris blir oppnemnd av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. Noregs Mållag er sekretariat for prisen.
Prisvinnaren får eit diplom og ei pengegåve på 50 000 kroner.
År | Vinnar | Tittel |
---|---|---|
2023 | Edvard Hoem | Husjomfru |
2022 | Brynjulf Jung Tjønn | Kvit, norsk mann |
2021 | Stein Torleif Bjella | Fiskehuset |
2020 | Tore Renberg | Tollak til Ingeborg |
2019 | Jon Fosse | Det andre namnet. Septologien I–II |
2018 | Brit Bildøen | Tre vegar til havet |
2017 | Olaug Nilssen | Tung tids tale |
2016 | Ruth Lillegraven | Sigd |
2015 | Eirik Ingebrigtsen | Spikrar frå fallande plankar |
2014 | Lars Petter Sveen | Guds barn |
2013 | Sigrun Slapgard | Englestien |
2012 | Lars Amund Vaage | Syngja |
2011 | Marit Eikemo | Samtale ventar |
2010 | Jan Roar Leikvoll | Fiolinane |
2009 | Kjartan Fløgstad | Grense Jakobselv |
2008 | Gunnhild Øyehaug | Vente, blinke |
2007 | Frode Grytten | Rom ved havet, rom i byen |
2006 | Eilev Groven Myhren | Ringdrotten (omsetting av Ringenes herre) |
2005 | Øyvind Vågnes | Ekko |
2004 | Ikkje delt ut | |
2003 | Jon Fosse | Auge i vind |
2002 | Inger Bråtveit | Munn mot ein frosen fjord |
2001 | Ragnar Hovland | Ei vinterreise |
2000 | Rune Belsvik | Ein naken gut |
1999 | Åse-Marie Nesse | Dikt i samling (1999), gjendikting av Faust I og II (1993 og 1999) og Mitt hjarta slo (1999) |
1998 | Brit Bildøen | Tvillingfeber |
1997 | Marie Takvam | Dikt i samling 1952–1997 |
1996 | Oddmund Hagen | Utmark |
1995 | Lars Amund Vaage | Rubato |
1994 | Solfrid Sivertsen | Grøn koffert |
1993 | Einar Økland | I staden for roman og humor |
1992 | Jon Fosse | Bly og vatn |
1991 | Marit Tusvik | Ishuset |
1990 | Liv Nysted | Som om noe noengang tar slutt |
1989 | Helge Torvund | Den monotone triumf |
1989 | Arthur Arntzen | heiderspris |
1988 | Johannes Heggland | Meisterens søner |
1987 | Edvard Hoem | Ave Eva |
1986 | Kjartan Fløgstad | Det 7. klima |
1985 | Paal-Helge Haugen | Det overvintra lyset |
1984 | Alfred Hauge | Serafen |
1983 | Kjartan Fløgstad | U3 |
1982 | Eldrid Lunden | Gjenkjennelsen |
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.