Ålen finst i hav og ferskvatn frå Nord-Afrika og middelhavslanda i sør til Kvitsjøen i nord.
Ål er registrert i nærare 1800 norske innsjøar. At ål i størst grad er registrert i innsjøar, kjem av at førekomst av fiskeartar hovudsakleg er kartlagd for innsjøar. Det er registrert ål i ca. 200 kommunar, og i alle norske fylke. I Noreg har ålen ei utbreiing i ferskvatn som minkar med avstand frå kysten, med høgd over havet og talet på menneskeskapte barrierar. Ålen er også vanleg i sjøen langs heile norskekysten, men det ligg ikkje føre nokon oversikt over bestandsstorleiken verken langs kysten eller i ferskvatn. Lågareliggjande større innsjøar nær kysten, i tillegg til den lange kysten, er truleg dei viktigaste oppvekstområda i Noreg. Ål er vanleg sjølv i små nedbørfelt og i små innsjøar.
Det har lenge vore kjent at dei små, nesten gjennomsiktige åleungane, som blir kalla glasål, viser seg langs kysten om våren. Om sumaren får desse små ålane pigment, og mange vandrar då som ålefaring opp i elvar og bekker. Mange blir igjen i sjøen, medan andre trengjer så langt inn i vassdraga som dei kan komme for fossar og stryk eller menneskeskapte barrierar. Derfor blir rekna ål blant våre katadrome fiskeartar. Mindre fossar som er eit absolutt hinder for laks og sjøaure vil ikkje nødvendigvis vere eit hinder for ål, då han har evna til å passere vertikale stengsler, eller eventuelt ta omvegen via land.
I vassdraga lever dei som gulål i mange år, og hannane blir opptil 50 centimeter og hoene opptil 1 meter – men vanlegvis 60–70 centimeter – før dei byrjar å vandre ut igjen og skifte farge til blankål, med sølvkvit buk og svart rygg.
Utvandringa frå ferskvatn skjer vanlegvis ved den første store haustflaumen. Om hausten, medan dei framleis er seksuelt umodne, startar ålane gytevandringa. Dei sym då rundt 6000 kilometer for å nå tilbake til Sargassohavet, der dei gyter.
Det er lite kunnskap om kor fort ålen veks, men nyare studiar indikerer at veksten er langsam og at hannane blir klare til utvandring når dei er rundt 10–15 år gamle, medan hoene er over 20 år gamle. I varmare land er veksten mykje raskare.
Etter kvart forsvinn blankålen frå norske kystfarvatn. Det var lenge ukjent kvar han vandra for å gyte, men ved ei lang rekkje ekspedisjonar i åra 1904–1922 lykkast det dansken Ernst Johannes Schmidt å påvise at gytinga går føre seg på stort djup i Sargassohavet, mellom 22–30 grader nordleg breidd og 48–65 grader vestleg lengd. Den norske atlanterhavsekspedisjonen i 1910 med Michael Sars bidrog også til oppklaringa i saka.
Ålelarvane som finst i overflatelaga i Atlanterhavet, liknar små, tynne, gjennomsiktige pileblad, og dei blir kalla leptocefaler etter det latinske slektsnamnet Leptocephalus. Under drifta mot Europas kyst, som tek frå eitt til tre år, blir larvane endra til dei kjende glasålane.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.