Knut Hamre, norsk hardingfelespelemann frå Granvin i Hardanger. Han byrja tidleg å lære hardingfelespel av faren Knut J. Hamre, seinare blei Anders Kjerland og Håvard Kvandal dei viktigaste læremeistarane. Hamre har vunne Landskappleiken heile sju gonger og har deltatt i ei rad samarbeidsprosjekt der poesi, teater og andre musikksjangrar har vore representerte. Han har gjort seg sterkt gjeldande som lærar i hardingfele i Hardanger sidan 1985 og har rekruttert ei rekkje framståande felespelarar: Frank Rolland, Åse Teigland, Heidrun Opedal, Benedicte Maurseth, Anlaug Børsheim, Alexander Røynstrand, Lajla Renate Buer Storli. Hamre har halde konsertar og kurs og turnert mykje i inn- og utland.
Hamre har gjeve ut fleire soloalbum, dei viktigaste er Fargespel (1994) og Ferd (2010). Saman med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss fekk Hamre Spellemannprisen for 1998 for CD-en Toneflaum i klassa for folkemusikk. Han har òg tatt i mot mange andre prisar og utmerkingar.
Hamre har òg deltatt på en rekkje andre plateutgjevingar, til dømes Nøringen (1980, med Leif Rygg), Trio i ein fjord (1993, med Reidun Horvei og Geir Botnen), Håstabøslåttar (2000) og Trio Hardanger - i Halldors ånd (2003), dei to sistnemnde saman med Åse Teigland og Frank Rolland, dei tre kallar seg "Trio Hardanger".
Eit resultat av Hamre sin kontakt med utlandet er konsert- og plateprosjektet Å (1999), der Hamre samarbeider med dei amerikanske jazzmusikarane Steve Tibbetts og Marc Anderson.
I 2006 kom CD-en Rosa i Botnen, eit pionerprosjekt der dei eldre hardingfelene i Hardanger blei tatt i bruk etter inspirasjon blant anna frå den aukande interessa for "tidlegmusikk". Her spela Hamre i lag med felespelarane Benedicte Maurseth og Nils Økland og organisten Sigbjørn Apeland. Dette prosjektet fekk ein oppfylgjar i konsert- og plateprosjektet Anima (2012) der Hamre samarbeider med Benedicte Maurseth, Nils Økland og dei to "tidlegmusikarane" Philippe Pierlot, gambespelar frå Belgia, og Elisabeth Seitz, hakkebrettspelar frå Tyskland.
Hamre har og gjeve ut ein CD i lag med folkesongar og hardingfelespelar Turid Spildo Nedrum, Eg ser deg (2011). Saman med forfattaren Jon Fosse har Hamre i seinare tid opptredd på musikkfestivalar og litteraturfestivalar. Hausten 2013 blei Hamre engasjert som ansvarleg lærar i Master Class på hardingfele i regi av Hardanger og Voss Museum.