Versj. 10
Denne versjonen ble publisert av Anne Eilertsen 22. mai 2017. Artikkelen endret 130 tegn fra forrige versjon.

Komparativ er eit trekk i den grammatiske kategorien grad, og står i motsetnad til positiv og superlativ. Nokre eksempel på adjektiv i komparativ er større og finare.

Komparativ blir nytta i grammatiske konstruksjonar som uttrykkjer at A har ein eigenskap i ein annan grad enn B, som når vi på norsk seier Marianne er flinkare enn Matteus. Her er flinkare ei komparativ bøyingsform av adjektivet flink. Ved relativt lange adjektiv blir komparativ uttrykt perifrastisk med adverba meir eller mindre, til dømes meir intelligent og mindre attraktiv som i Solveig er meir intelligent enn Hjørdis og Lukas er mindre attraktiv enn Markus.

norsk har vi ikkje berre komparative former av adjektiv, men også av adverb, dessutan av substantiv og preposisjonsfrasar (preposisjonsuttrykk) med adjektivisk eller adverbial tyding:

Karius spring fortare enn Baktus.

Knoll snakkar mindre usamanhengande enn Tott.

Per er meir sjef enn Pål.

Ole var meir på ein snurr enn Dole og Doffen.

RBK spelar meir på tvers enn Odd.

Komparativformer kan òg nyttast utan ei eksplisitt samanlikning, som i No skal vi ha ein betre middag. Dette kallar vi absolutt komparativ.

Ein komparativkonstruksjon har fleire delar. Setninga Solveig er meir intelligent enn Hjørdis kan analyserast slik:

. .
komparandum Solveig
indeks meir
parameter intelligent
markør enn
komparatum / standard Hjørdis

Komparandum er det leddet som blir samanlikna med noko. Komparatum er det leddet som noko blir samanlikna med. Komparandum og komparatum blir samanlikna med omsyn til ein særskilt eigenskap eller parameter. Indeksen spesifiserer graden av eigenskapen. Markøren peikar ut komparatum.

Eit ord eller uttrykk som skal fungere som parameter, må uttrykkje ei graderbar tyding, som illustrert ovanfor med mellom anna flink, attraktiv, intelligent, fort og usamanhengande. Uttrykk med ikkje-graderbar tyding, som død, levande, gift og kristen, kan ikkje utan vidare nyttast i ein komparativkonstruksjon. Til dømes tyder gift ‘ektevigd’, og anten er ein ektevigd eller så er ein det ikkje. Når det likevel går an å seie Maria er meir gift enn Elisabet, brukar vi adjektivet gift i ei graderbar tyding, og setninga tyder ‘Maria har fleire eigenskapar som særmerkjer gifte folk enn det Elisabet har’, og vi oppfattar det slik at Elisabeth er gift, men ho lever likevel på visse måtar lever eit «ungkarsliv».

I europeiske språk finn vi komparativkonstruksjonar som liknar den norske. På sørsamisk ser konstruksjonen slik ut, og kan bokstavleg setjast om som «Elg [er] større frå rein» (SG = singularis = eintal):

  • Sarve stuerebe bovtseste.
  • elg.SG.NOMINATIV stor.KOMPARATIV rein.SG.ELATIV
  • ‘Ein elg er større enn ein rein.’

Komparandum står i kasuset nominativ, og komparatum i kasuset elativ (fråstadskasus), som fungerer som markør.

gresk er markøren ein preposisjon som tyder ‘frå’, men elles avvik konstruksjonen lite frå norsk (BA = bunden artikkel; SG = singularis / eintal; NOM = nominativ; AKK = akkusativ; KOMP = komparativ):

  • Ο σολομός είναι ακριβότερος από τον μπακαλιάρο.
  • O solomós íne akrivóteros apó ton bakaliáro.
  • BA.SG.NOM er dyr.KOMP.SG.NOM frå BA.SG.AKK torsk.SG.AKK
  • ‘Laksen er dyrare enn torsken.’

Mange afrikanske språk har ein konstruksjon med eit verb med tydinga ‘overgå’, som i denne setninga frå fulfulde-dialekten i Nord-Kamerun, som bokstavleg tyder «Hund overgår katt [når det gjeld] styrke»:

  • Rawaandu ɓuran paatuuru semmbe.
  • hund overgå.HABITUALIS katt styrke
  • ‘Hunden er sterkare enn katten.’

Sjølv om fulfulde har adjektiv, er parameteren eit substantiv, og indeksen og markøren er uttrykte saman i eit verb som i infinitiv heiter ɓurgo ‘overgå’. Komparandum og komparatum er høvesvis subjekt og objekt til dette verbet.

På mandarin finn vi ein tredje måte å gjere det på. Denne setninga tyder bokstavleg «Denne skulen enn den skulen er stor» (MO = måleord):

  • 这个学校比那个学校大。
  • Zhèi ge xuéxiào bǐ nèi ge xuéxiào dà.
  • denne MO skule enn den MO skule er.stor
  • ‘Denne skulen er større enn den skulen.’

Markøren 比 ‘enn’ (eller ‘samanlikna med’) står føre komparatum, og det finst ingen indeks.