Faktaboks

Anders Vassbotn
Fødd
16. mai 1868, Volda, Møre og Romsdal
Død
30. august 1944, Volda, Møre og Romsdal
Verke
Bonde, diktar og politikar
Familie

Foreldre: Bonde Rasmus Andersson Vassbotn (1831–1907) og Olina Nilsdotter Djuvik (1826–1908).

Gift 1893 med Anna Sivertsdotter Rotevatn (7.12.1870–30.3.1970), dotter til bonde Sivert Olsen Rotevatn (1830–90) og Marte Styrkarsdotter Botn (1834–1923).

Anders Vassbotn var ein norsk politikar, forfattar og målmann, og han var mykje engasjert i ungdomslagsarbeid. Som forfattar er han særleg kjend for diktet «Å leva det er å elska».

Bakgrunn

Anders Vassbotn var fødd i VoldaSunnmøre. I oppveksten vart han med i det radikale ungdomsmiljøet rundt Synnøve og Per Riste, der òg Rasmus Steinsvik var sentral. Impulsane herfrå sette varige spor.

Vassbotn debuterte som forfattar i 1891 med samlinga Knuppar, under pseudonymet Møregut. I alt gav han ut fire diktsamlingar og fem skodespel.

Frå rundt år 1900 prioriterte han andre gjeremål enn diktinga. I tillegg til å drive farsgarden var han aktiv både i Sunnmøre Ungdomslag og i Noregs Ungdomslag. Han representerte Venstre i Volda kommunestyre frå 1902, sat som ordførar i 1910–1913 og var stortingsrepresentant i 1913–1930. Som stortingsrepresentant var kulturpolitikk, distriktspolitikk og språkpolitikk det han arbeidde mest med.

Opplysningsstaden Volda

For den frilynde ungdommen i Volda var garden Riste den viktigaste samlingsstaden i 1880-åra. Her hadde Synnøve og Per Riste bygd opp eit kultursenter, der dei mellom anna dreiv ein målskule med tilskot frå staten. Anders Vassbotn kom tidleg inn i dette miljøet og vart etter kvart ein av dei mest aktive.

Etter eitt år på folkehøgskule i Hornindal, der han vart endå sterkare knytt til norskdomsrørsla, flytte han til Bergen i 1890. Her arbeidde han for forleggjaren Mons Litleré, og han skreiv mykje i aviser, under pseudonyma Bjørn Botnen og Møregut.

Dikting

I 1891 kom den første diktsamlinga, Knuppar. Det best kjende diktet hans, «Å leva det er å elska», vart første gongen trykt i Firda 14. juni 1893. Diktet, som då hadde tittelen «Aa liva», hadde seks strofer, men han skar det seinare ned til tre strofer. Diktet vart tonesett av Per Steenberg i 1923 og var mykje brukt som allsong.

Eitt år seinare ville nemnda som arbeidde med Nynorsk salmebok (gitt ut i 1925), gjerne ha diktet med, men dei hadde litt problem med verselina «å spegla ein himmel av». Dei såg helst at han endra det til «å spegla Guds himmel av». Med denne endringa kom diktet med i salmeboka. Då han i 1941 tok diktet med i den siste diktsamlinga si, Mitt heimland, brukte han likevel den første versjonen.

Mitt heimland var den første boka hans på nesten 40 år. Vassbotn gav ut fire diktsamlingar og fire skodespel fram til 1902, men frå då av brukte han mykje av tida på å drive gard, og han var i tillegg aktiv i ungdomslagsrørsla. Han var med då Sunnmøre frilynde Ungdomslag vart skipa i 1894, sat som formann 1896–1904 og var med i styret for Noregs Ungdomslag 1896–1907. Han vart vald som formann i Noregs Ungdomslag på årsmøtet i 1899, men sa frå seg vervet av di han hadde veik helse.

Politisk engasjement

Anders Vassbotn hadde også sterke politiske interesser. Han representerte Venstre, først i heradstyret i Volda, der han var ordførar 1910–1913, seinare på Stortinget, der han sat frå 1913 til 1930. Han var ein aktiv stortingsrepresentant, og alt det første året var han heile 25 gonger på talarstolen, eit uvanleg høgt tal for ein fersk representant. Det var kulturpolitikken som opptok han mest, og han gjorde mykje viktig arbeid for målsaka.

I 1914 kom han med framlegg om at forretningsordenen for Stortinget også skulle prentast på landsmål, året etter var han med på å få gjennom målparagrafen i folkeskulelova, og då mållova kom i 1930, hadde han gjort mykje av grunnlagsarbeidet. Han takka to gonger nei til posten som kyrkjeminister.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Lasse Moer

Angående endringen av siste verselinje for salmeutgaven av "Å leva" der "ein himmel" ble endret til "Guds himmel":
Professor Jostein Kjell Nerbøvik (1938 -2004): "Mi kjelde for at Anders Vassbotn samtykte er dotter hans, Oline Drabløs Vassbotn. Ho sa at Anders Vassbotn vart spurt og at han sa ja, men med eit hjartesukk."
Mer om dette på en nettside jeg har laget om diktet: https://lassemoer.no/aa-leva-det-er-aa-elska.html

svarte Anne Eilertsen

Takk for innspelet. Akkurat kva Vassbotn sjølv sa eller tenkte idet han samtykte, er det vanskeleg å vere sikker på i ettertid, så vi fjerna setninga om det.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg