Bernt Støylen var ein norsk teolog og biskop. Han leidde arbeidet med Nynorsk Salmebok og var også på andre måtar med på å fremje nynorsken i kyrkja og i samfunnet.
Bernt Støylen var fødd på Kvamsøy på Sunnmøre. Han tok lærarprøva i Volda i 1875, var huslærar, og etter examen artium 1879 flytta han til Oslo, der han tok teologisk embetseksamen i 1885 og praktisk teologi i 1886. Etter fullførte studiar var han mellom anna kapellan i Bergen og sjømannsprest i Cardiff (1890–1895). Der møtte han problemet med «kvit slavehandel» (prostitusjon) på nært hald, og i 1895 skreiv han ein lang artikkel i Gina Krog sitt tidsskrift Nylænde nr. 9, 1895 om «Kvinderne og sædelighedslovgivningen», der han gjekk sterkt imot å tvangsundersøkje jentene, men heller ta bakmennene.
Frå 1895 til 1903 var Støylen styrar ved Notodden friseminar (lærarskule) med mottoet «for norskdom og kristendom». I 1903 vart han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar, med tittelen professor frå 1909. Frå 1914 til 1930 var han biskop i Agder, den første biskopen som nytta landsmål.
Støylen var politisk engasjert på venstresida, men teologisk konservativ. Han var med på å skipe studentfråhaldslag i 1883, var leiar i Prestemållaget og var aktiv i Norske presters fredslag og Det norske totalavholdsselskap. Han sat i Kyrkjekommisjonen 1908–1911 og i hovudstyret for Indremisjonen 1911–1914.
Av dei mest brukte salmane hans er Gud signe vårt folk der dei sigler og ror, Kvar skal eg vel av (eigne salmar), Eg synger julekvad og Eg veit i himmerik ei borg (omdikta frå tysk).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.