Boris Becker er ein tysk tidlegare tennisspelar. Han var blant dei fremste i verda på 1980- og 1990-talet, blei olympisk meister i double og vann seks Grand Slam-titlar i løpet av karrieren sin.
Becker starta den profesjonelle karrieren sin i 1984, og året etter blei han den første tyske og hittil yngste mannlege vinnaren av Wimbledon gjennom tidene (17 år og 7 månader).
I løpet av karrieren vann Becker totalt 49 singleturneringar, derav seks Grand Slam-turneringar: Wimbledon (1985, 1986, 1989), US Open (1989) og Australian Open (1991, 1996). I tillegg vann han Grand Prix Masters i 1988 og 1992. Becker deltok òg på det sigrande vesttyske laget i Davis Cup i 1988 og 1989 og blei olympisk meister i double under OL i Barcelona i 1992.
Becker la opp som profesjonell tennisspelar i 1999 og spelte inn over 18 millionar euro i løpet av karrieren. Etter enda karriere har han blant anna vore trenar for Novak Djokovic.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.