Jordbruket er av stor betydning i Eidfjord sjølv om det dyrka arealet utgjer mindre enn ein prosent av kommunearealet. Det blir drive husdyrhald; særleg sauehaldet betyr mykje. Garnfiske i fjellet, bærsanking og villreinjakt er også av betydning. Industrien i kommunen er heilt ubetydeleg.
Dei store, høgtliggjande areala med bratt fall til fjorden har gjeve Eidfjord grunnlag for ein stor kraftproduksjon. Dei største kraftverka er baserte på vatn frå fleire vassdrag, særleg frå Bjoreio. Likevel er det i turistsesongen sikra ei minstevassføring i Vøringsfossen på 12 m3 per sekund. Det er fleire større fiskeoppdrettsanlegg i tilknyting til kraftanlegget. Øvre delen av Veig, som er ein sideelv til Bjoreio, er verna som ein del av Hardangervidda nasjonalpark.
Eidfjord er kommunen med fjerde størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei sju vasskraftverka i kommunen produserer til saman 2949 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Sy-Sima (i drift fra 1981), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Lang-Sima (1980) og Storlia (2020). Statkraft Energi er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Turisttrafikken har mykje å seia i kommunen. Det er eit tett nett med merkte turistruter i fjellet, og kommunen har ei rekkje hotell og turisthytter. Det er eit godt fiske i Eio, elva frå Eidfjordvatnet til fjorden. Av ein samla fangst i elva på 524 kg i 2022 var vel to tredelar sjøaure.
Blant dei busette arbeidstakarane i Eidfjord har 31 prosent arbeid utanfor kommunen. Av desse jobbar i alt 17 prosent i dei andre kommunane i Hardanger og Voss og fire prosent i Bergen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.