Hemingways andre ekteskap gjekk i oppløysing på denne tida. Han hadde innleidd eit forhold til Martha Gellhorn, som sjølv var forfattar og krigskorrespondent, og dei gifta seg i november 1940. Men før det hadde Hemingway, saman med henne, gjennomført ei ny flytting, denne gongen til det som verkeleg har blitt den heilage staden i Hemingway-kulten: Finca Vigia utanfor Havanna på Cuba. I tjue år kom Cuba til å vera Hemingways base for litterær aktivitet, men også for utstrekt havfiske.
På Cuba blir også arbeidet med den store romanen frå den spanske borgarkrigen, For Whom the Bell Tolls, avslutta. Boka kom ut hausten 1940, ikkje lang tid før Franco hadde vunne den endelege sigeren. Venstresida i USA rasa over ei bok som viser trongsyn og egoisme og altfor tydeleg viser at forsøket på kursendring i To Have and Have Not var eit spel. Resten av lesarane, etter kvart ei heil verd, trykte boka til brystet sitt. Saman med debutromanen og Farvel til våpnene er dette Hemingways beste roman, kanskje enklare og grunnare enn den første og mindre klar og konsis enn den andre, men utvilsamt den mest lesarvennlege og vakraste av alle romanane hans. Klokkene ringer for deg er også ei nydeleg kjærleikshistorie og ei helteforteljing som er meir nyansert og kompleks enn før.
Det går mange historier om Hemingways forsøk på å hjelpa til i USAs krigføring frå Cuba, men i all hovudsak er det slik at Hemingway først frå 1944 kjem med i krigen i Europa. Han er med i krigen i eigentleg forstand frå D-dagen og kjem også ut av denne verdskrigen ikkje berre med æra i behald, men med nye dekorasjonar.
I London hadde han treft ho som skulle bli den fjerde og siste kona hans: Mary Welsh. Ho var også journalist, ni år yngre enn Hemingway, og ho blei ei viktig støtte og medspelar gjennom år med veksande alkoholforbruk, depresjonar og sviktande tru på eige talent. Erindringsboka hennar, How it Was, viser gjennom sjølve tittelen behovet for å korrigera myten og rykta. Hemingway og Welsh budde saman på Cuba frå 1945, der Hemingway gjekk i gang med eit romanprosjekt som mislukkast. Først i 1986 kom The Garden of Eden ut. Det er eit sjølvportrett frå yngre år, med intime detaljar om mani og uro, men på ingen måte ein vellukka roman.
Om bøkene hans ikkje freistar, kan ein lesa om Hemingway i store intervju i magasin som Life og The New Yorker, som tener til å sementera myten om Hemingway som helt og mannfolk på sin hals: boksar, jeger, fiskar og krigar. Dei sidene ved han sjølv som han kjempar med gjennom tunge dagar og alkoholslørete netter – einsemd, kjensla av å vera mislukka, depresjonar og sjølvmordstankar – blir undertrykte. Han veit at det som må til, er å skriva, men han maktar det ikkje. Han får likevel gitt ut ein roman i 1950, Across the River and Into the Trees. Det er ei mislukka bok, ein 50-årig oberst sitt sentimentale tilbakeblikk på livet, utløyst av ei 19-årig jente som han forelskar seg i.
Kommentarar (1)
skreiv Roger Pihl
Lenken til Nobelstiftelsen virker ikke.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.