Førde er ein tettstad i Sunnfjord kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 5,9 km², og har 10 500 innbyggjarar (2023).
Førde sentrum ligg ved utløpet av elva Jølstra der ho renn ut i Førdefjorden.
Førde var fram til 2020 administrasjonssenter i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Byen Førde er eit viktig handels- og administrasjonssenter i regionen. Her er vidaregåande skular, folkehøgskule og jordbruksskule. Vidare finst Høgskulen på Vestlandet med avdeling for ingeniør- og helsefag, fylkesbibliotek og sjukehus.
Sentrumsbusetnaden ligg på båe sider av Jølstra og er knytte saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. I sentrum ligg Førde kyrkje og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.