Faktaboks

Francis Hagerup

Georg Francis Hagerup

Fødd
22. januar 1853, Horten
Død
8. februar 1921, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Jurist, politiker og diplomat
Familie

Foreldre: Kontreadmiral, statsråd Henrik Steffens Hagerup (1806–59; se NBL1, bd. 5) og Nicoline Christine Jenssen (1808–62).

Gift 21.5.1880 med Frederikke Dorothea Bødtker (20.12.1853–1.8.1919), datter av sorenskriver Job Dischington Bødtker (1818–89) og Fredrikke Sophie Sejersted (1825–92).

Søstersønn av Jens Nicolai Jenssen (1792–1867) og Hans Peter Jenssen (1797–1868); grandnevø (søstersønns sønn) av Henrich Steffens (1773–1845); fetter av Rikke Nissen (1834–92), Bolette Gjør (1835–1909) og Lauritz Jenssen (1837–99); filleonkel (fars fetter) til Anton Jenssen (1850–1927); svoger til Ragnvald Bødtker (1859–1946); svigerfar til Carl Struve (1887–1974).

Francis Hagerup
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Francis Hagerup

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Francis Hagerup
Av /NTB Scanpix ※.

Francis Hagerup var ein norsk jurist og politikar for Høgre. Han var statsminister i Noreg frå 14. oktober 1895 til 17. februar 1898, og frå 22. oktober 1903 til 11. mars 1905. I statsministertida si var han også justisminister.

Hagerup var tilhengar av unionen med Sverige. Som statsminister prøvde han seg på forhandlingar med svenskane, men måtte etter kvart innsjå at unionen måtte oppløysast. Hagerups mislykka forhandlingar førte til at han gjekk av som statsminister. Unionen var oppløyst 7. juni 1905.

Som jurist var Hagerup både i samtid og ettertid rekna som ein av dei store innan rettsvitskapen i Norden. Etter karriera som politikar var han ambassadør og norsk delegat i internasjonale kommisjonar og konferansar.

Bakgrunn og utdanning

Hagerup vart fødd i Horten i 1853. Han var son av sjøoffiser og politikar Henrik Steffens Hagerup. I ungdomen starta Francis Hagerup først på medisinstudiet, men etter eit par år skifta han over på juss. Han fekk stipendium og studerte ved universiteta i München, Paris og Leipzig. Hagerup vart cand.jur. i 1876 og tok i 1885 doktorgrada på avhandlinga Om tradition. Same år vart han konstituert og i 1887 utnemnd til professor i rettsvitskap.

Både doktorgradsarbeidet hans og andre bøker han skreiv vart grunnbøker i det juridiske studium for fleire generasjonar. Han var svært produktiv som forfattar av juridiske bøker, og både det å undervise og det å skrive lærebøker fekk han tid til ved sidan av det å vere både justisminister og statsminister.

Hagerup hadde ein enorm arbeidskapasitet, noko han hadde oppøvd frå ungdomen av. Det blir fortalt at han i studietida til og med studerte juss i feriane. Det var viktig heile tida «å ha damp på kjelen», som han sa. Ein annan eigenskap var at han var særs veltalande og flink til å ordlegge seg. Nettopp fordi han i så stor grad imponerte folk rundt seg med sine store kunnskapar og den klare talen sin, kunne han tidvis verke noko arrogant.

Det er sagt om han at han hadde eit vulkansk temperament som han stort sett kontrollerte, men det røynde nok hardt på fleire gongar i den tida han var justisminister i Emil Stang sin andre regjering. Då dreiv Venstre-fleirtalet i Stortinget med noko som minte sterkt om politisk mobbing, og det vart til og med gjort forsøk på å fjerne løyvinga til det professoratet han hadde på universitetet. Det fall med ei stemmes overvekt. Han vart aldri ein politikar av det store formatet. Til det var han for lite kompromissvillig og for mykje bunden av jussen.

Politikar

Som politikar vart Hagerup valt inn på Stortinget frå Oslo i perioden 1900–1906. Han var formann i Høgres sentralstyre i 1899–1903. I 1893–1894 var han justisminister i Emil Stangs konservative mindretalsregjering.

Hagerup sjølv hadde sett for seg ein juridisk karriere, og det fekk han då også i tillegg. Han vart både i samtid og ettertid rekna som ein av dei store innan rettsvitskapen i Norden. Motvillig sa han likevel ja til Emil Stang om å bli medlem i sentralstyret i Høgre i 1892, og vegen derifrå var ikkje lang til å bli justisminister i Stang si andre regjering. Dermed var han fanga inn, og i 12 år framover var han både vitskapsmann og politikar. Politikaren i han greidde likevel aldri å vinne over juristen. Det vart også hans endelykt som politikar.

Statsminister

Unionspolitikken

Hagerup var berre 42 år då han vart statsminister første gongen, 14. oktober 1895. Ikkje minst fordi regelen fram til 1895 hadde vore at statsminister var noko ein vart når ein var godt over 60 år, vart Hagerup sett på som ein frisk pust.

Det var den såkalla 7. juni-avgjerda i Stortinget i 1895 som bana vegen for Hagerup som statsminister. I denne avgjerda konstaterte Stortinget med solid fleirtal (90 mot 24 røyster) at tida var inne til å prøve forhandlingsvegen i unionspolitikken. Venstre-fleirtalets såkalla «knyttenevepolitikk» hadde ført til lite anna enn frykt for at svenskane ville nytte militærmakt, og i denne situasjonen sprakk den lause venstrekoalisjonen.

Fleirtalet av Venstre saman med Moderate Venstre og Høgre støtta at ein no måtte prøve forhandlingar om unionen med Sverige. Kva slags regjering skulle så leie forhandlingane? Det vart langdryge forhandlingar, men nærast i løynd vart det ført samtalar mellom opposisjonelle både i Høgre og Venstre. Ein ønskte ei ny regjering, ein ny allianse på tvers av dei gamle partiskilja. Korkje leiinga i Venstre eller Hagerups eigen statsminister, Emil Stang, visste noko om det då Francis Hagerup steig fram som ny statsminister i ei samlingsregjering den 14. oktober 1895. Med i regjeringa kom fire frå Høgre, fire frå Venstre og to frå Moderate.

Dette var ei regjering med medlemer som var usamde i svært mange politiske saker, men som hadde fått eit mandat til å føre forhandlingar med Sverige. Det vart liksom den einaste saka. Ein eigen forhandlingskomite vart nedsett, og så lenge denne var i arbeid, skulle fraksjonane i regjeringa la andre kampsaker kvile. Det var 7. juni-vedtaket som var regjeringa si politiske plattform. Nokon suksess vart denne regjeringa ikkje, men ho ga kanskje ein pustepause i unionskampen i Noreg, og ho viste norsk samling overfor svenskane.

Unionskomiteens forhandlingar med svenskane vart ein fiasko. I januar 1898 la komiteen fram konklusjonen sin om at partane ikkje hadde blitt samde. Hausten 1897 vann Venstre ein klar valsiger, og i januar 1898 gjekk regjeringa Hagerup av. Hagerup gjekk då attende til universitetet og jussen. Han ville helst sleppe meir politikk, men vart fanga inn att då Emil Stang ved hundreårsskiftet trekte seg som formann i Høgre. Hagerup vart etterfølgjaren, og han vart også ved valet i 1900 innvald som representant for Kristiania. Venstre vann også dette valet, og Hagerup vart opposisjonsleiar.

Samlingspartiet

Francis Hagerup var ein varm tilhengar av unionen med Sverige. Det var han langt frå åleine om. Historikaren Jens Arup Seip skriv at i røynda var sterke krefter i Noreg gjennom store delar av det 19. hundreåret tilhengarar av unionen med Sverige. Han hevdar at det var i norsk indrepolitikk, i kampen mellom partia, at unionen gjekk tapt. Ikkje fordi Venstre ville vekk frå Sverige, men fordi det galdt å utmanøvrere Høgre. Til å vinne val med fungerte unionskampen godt, men like etter hundreårsskiftet tok kampen ei ny vending.

Juristen, diplomaten og den moderate Venstre-mannen Sigurd Ibsen, son til Henrik Ibsen, hadde laga ei utgreiing om konsulatsaka som kunne vise veg ut av striden med svenskane. Ibsen kom med i regjeringa etter at Johannes Steen vart bytt ut som regjeringssjef med den norske statsministeren i Stockholm, Otto Blehr, i 1902. Blehr hadde ei meir realistisk haldning til forhandlingar med Sverige, og på grunnlag av utgreiinga frå Ibsen kom slike i gang.

Opplegget var at både Noreg og Sverige skulle få sjølvstendig konsulatvesen, ordna med likelydande lover i begge landa, lover som det eine landet ikkje kunne endre utan etter samtykke frå det andre. Opplegget splitta Venstre, men i Høgre innsåg Hagerup til slutt at ei slik løysing kunne gi Noreg eige konsulatvesen utan at unionen kom i fare. Dermed gjekk Høgre framfor valet i 1903 inn for å programfeste eige norsk konsulatvesen, og fjerna med det den viktigaste unionspolitiske usemja med den moderate delen av Venstre.

Framfor valet i 1903 engasjerte også Christian Michelsen frå Bergen seg på nytt i rikspolitikken. Han hadde trekt seg ut i 1894, men no la han fram eit program for borgarleg samling. Han prøvde å få med seg Venstre, men det vart i staden Hagerup og Høgre som slo seg saman med dei liberale i flokken rundt Michelsen og andre moderate venstrefolk. Dei stilte til val under namnet Samlingspartiet og vann valet. Ved valet i 1903 fekk også Arbeidarpartiet for første gong inn fire representantar. Arbeidarpartiets framgang medverka nok til at Venstre tapte valet.

Hagerup hadde tenkt å trekkje seg ut av politikken før valet i 1903, men vart pressa til å stille på nytt. Etter valsigeren vart han den 22. oktober 1903, statsminister for ei regjering utgått av Samlingspartiet, men denne grupperinga bar i seg store indre motsetnader. Det kom snart til syne både i Stortinget og i regjeringa.

«Lydrikepunkta»

Første oppgåva for regjeringa var å føre vidare forhandlingane med Sverige. Frå norsk side hadde ein klar utkast til lover og organisasjonsplan for oppretting av eige konsulatvesen, men frå svensk side skjedde det lite. I november 1904 kom den svenske statsministeren, Erik Gustaf Boström, til Kristiania og la fram det svenske forslaget. Det har i norsk historie fått namnet «lydrikepunkta», og vart at den norske regjeringa oppfatta som eit klart brot med dei ein hadde blitt forlikte med svenskane om tidlegare.

Det var seks lydrikepunkt, og av dei framgjekk det at også dei norske konsulane skulle vere heilt avhengig av den felles utanriksministeren, og tradisjonen sa at han skulle vere svensk. Hagerup reiste til Stockholm og prøvde seg med forhandlingar, men det var nyttelaust. Svenske styresmakter trudde nok på det tidspunktet at Noreg ville gi seg, og at ei fast svensk line ikkje ville føre til unionsbrot, men utover vinteren 1905 tok gamle kong Oscar 2. til å ane uråd, og han prøvde å få til eit kompromiss i tolvte time, men utan at den svenske Riksdagen gjekk med på det.

Hagerup var svært ulykkeleg over den vendinga denne saka hadde tatt. Hans standpunkt var at dersom unionen skulle brytast opp, så skulle det skje på statsrettsleg forsvarleg vis, og på ein slik måte at det ikkje vart skapt for mykje vondt blod på begge sider av Kjølen. Han var alvorleg redd for at det kunne bli krig, og han nekta å gi etter for kravet frå Michelsen om einsidig aksjon frå norsk side for å bryte ut av unionen. Michelsen søkte avskil som statsråd, og Hagerup opplevde at fleirtalet i hans eige parti støtta Michelsens aksjonsline. Då hadde ikkje Hagerup anna val enn å gå av, og den politiske karriera hans var slutt.

Diplomat

I 1903 vart Hagerup utnemnd som ein av Noregs representantar ved valdgiftsdomstolen i Haag, samtidig som han også var medlem av Institut de Droit international (i 1912 president).

Den 11. mars 1905 skipa Christian Michelsen ny regjering. Hagerup forsvann etter kvart ut av norsk innanrikspolitikk. I 1906 vart Hagerup sendemann (ambassadør) i København. Etterpå fekk han også ansvar for Haag og Brussel. Før han reiste fekk kan likevel æra av å vere med i delegasjonen som reiste til København til å tilby den danske prinsen Carl (Haakon 7.) å bli kongen i Noreg. Han aksepterte som kjent dersom folket valde han.

Etter kvart flytta Hagerup til Stockholm, der han var sendemann frå 1916 til han døydde i 1921. Han var ein av Noregs representantar ved fredskonferansen i Haag i 1907 og tok aktivt del i forhandlingane.

I 1920 var han med i den internasjonale juristkomiteen som laga utkastet til statuttar for Den internasjonale domstol i Haag. Dette viser vel også at Francis Hagerup vart rekna som ein internasjonal kapasitet i folkerett. Han var også leiar for den norske delegasjonen til den første samlinga i Folkeforbundets møte i Genève i 1920. Francis Hagerup døydde under eit opphald i Noreg i 1921.

Utgjevingar

Hagerups vitskaplege produksjon som jurist er omfangsrik og viktig. Blant arbeida hans er:

  • Den norske panteret (1889)
  • Forelæsninger over den norske straffeproces (1892)
  • Forelæsninger over den norske civilproces (2 bind, 1895–1899), med eit 3. bind Skifte- og arvebehandling (1900) og 4. bind Konkurs- og akkordforhandling (1901)
  • Forelæsninger over retsencyklopædi (1906)
  • Strafferettens almindelige del (1911)
  • Lærebog i straffeprocesret (1921)

Dei fleste av desse verka har komme ut i ei rekkje nye utgåver.

Hagerup var med på å stifte Tidsskrift for Rettsvitenskap og stod frå 1888 til sin død som hovudredaktør av tidsskriftet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Blandhol, Sverre & Dag Michalsen, red. : Rettsforsker, politiker, internasjonalist : perspektiver på Francis Hagerup, 2007, isbn 978-82-8152-014-1
  • Gagnér, Sten: "Hagerups tidskrift" i Tidsskrift for rettsvitenskap 112 (1999), 254-379
  • Tidsskrift for retsvidenskap, årg. 35, 1922 (inneh. flere art. om Hagerup samt bibliografi)

Faktaboks

Francis Hagerup
Historisk befolkingsregister-ID
pk00000000102169

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg