Gjesdalbuen er ei norsk lokalavis som kjem ut på Ålgård på papir ein gong i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Gjesdalbuen dekkjer Gjesdal kommune og Figgjo i Sandnes.
Avisa vart grunnlagt av privatpersonar i 1990. I 2004 overtok Jæren Avis (seinare Nordsjø Media AS) som eigar. Gjesdalbuen er frå 2018 eigd av Amedia AS etter at mediekonsernet kjøpte opp Nordsjø Media AS. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Gjesdalbuen kom dei første åra ut i papirformat ein dag i veka. Mellom 2008 og 2013 var utgjevingsfrekvensen to dagar kvar veke. Frå 2013 har avisa kome ut på papir kvar torsdag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.