Faktaboks

Hallkjell Jonsson

Hallkjell Jonssøn

Hallkell Jonsson

Død
3. april 1194, Florvåg på Askøy
Levetidskommentar
fødeår og -stad er ukjent
Verke
Lendmann
Familie

Foreldre: Jon Hallkjellsson og Margret Haraldsdotter.

Gift med Ragnhild Erlingsdotter, dotter til Erling Ormsson Skakke (død 1179) og Kristin Sigurdsdotter.

Dottersønn til kong Harald Gille.

Hallkjell Jonsson var ein norsk lendmann frå BlindheimSunnmøre. I byrjinga av 1190-åra var han leiaren i øyskjegga i opprøret mot kong Sverre. Hallkjell fall i det avgjerande slaget mot birkebeinarane i Florvåg i 1194.

Hallkjell Jonsson var ein sentral aktør i innbyrdesstriden i 1180- og 1190-åra, mest som motstandar av kong Sverre. I Sverres saga, som er hovudkjelda til Hallkjells livsløp, finn vi Hallkjell tidvis på Magnus Erlingsson si side, tidvis som Sverre Sigurdssons mann. Sagaen gjev diverre ikkje eit fullstendig bilete, og det er vanskeleg å finne belegg for at hans lojalitet var forankra i den eine eller den andre av leirane.

Fyrste gongen Hallkjell blir nemnd, er etter eit slag mellom Sverre og kong Magnus sine menn, heklungane, i Bergen i 1183, der Jon Hallkjellsson og dei to sønene hans fekk grid hos sigerherren Sverre. For tredje gongen lova dei Sverre truskap, men som gongene før vart lovnaden broten. Blindheimsmennene slutta seg til kong Magnus sin hær i Viken.

Etter eit opphald i Danmark returnerte Hallkjell til Noreg saman med kong Magnus i 1184. Det var truleg også i denne tida Hallkjell vart gift med Ragnhild, dotter til Erling Skakke. Den fyrste ektemannen hennar, Jon av Randaberg, døydde i 1179, i same slag som far hennar Erling. Det er nærliggande å tenkje seg at ekteskapet med Hallkjell kom i stand før kong Magnus’ fall i 1184.

Ragnhild hadde mista ein far, ein bror og ein ektemann i kampen mot Sverre Sigurdsson, og det var truleg ikkje heilt uproblematisk at den nye ektemannen hennar etter kvart kom til å stå på kong Sverre si side. For Hallkjell var neppe saka mindre komplisert, sidan han var svoger og svigerson til Magnus og Erling Skakke, men også søskenbarn til Sverre. I 1192 er Hallkjell igjen omtala i sagaen, denne gongen som kong Sverre sin lendmann.

Øyskjeggane

Det har vore spekulert rundt om det var Ragnhild som eggja Hallkjell til å gjere opprør mot kong Sverre, eller om opphaldet hos Sverre nærast må oppfattast som eit ufriviljugt intermesso. Ifølgje Sverres saga gjorde Hallkjell løynleg råd saman med Olav, svogeren til Harald jarl på Orknøyane. Planen var å iscenesette eit opprør mot kong Sverre. Opprøret fekk namn etter hærmennene frå vest over havet, øyskjeggane.

Hallkjell og Ragnhild hadde tidlegare fostra ein uekte son av Magnus Erlingsson. Guten heitte Sigurd, og vart teken til konge for øyskjeggflokken. Det har vore spekulert i om Sigurd kongsson kan ha vore i slekt med Blindheimsætta. Mora til guten var Gyrid, dotter til Aslak Unge. Denne Aslak kan ha vore farbror til Hallkjell Jonsson.

Slaget mot birkebeinarane

Tidleg på sumaren 1193 kom Hallkjell og Olav til Noreg med 23 skip. Det avgjerande åtaket mot birkebeinarane kom ikkje før året etter, med slaget i Florvåg ved Bergen. I dette slaget fall Hallkjell, saman med kongsemnet og storparten av øyskjeggflokken.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • E. Bull d.e.: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 5, 1931
  • H. Koht: «Sigurd Magnusson», i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 13, 1958
  • Sverres saga, i F. Hødnebø m.fl. (red.): Norges kongesagaer, bd. 3, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg